Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Første kommunetopp i 2017: Raudbergnuten

Date:
30.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
22.0km

Rett og slett fantastisk tur i vindstille, skyfritt, kaldt vêr. Smurde med blå ekstra! Køyrde frå Oslo om morgonen. Starta å gå kvista løype frå Breistølen kl 1145. Gjekk til Bjordalsbu der vi sette frå oss litt utstyr og den eine sekken, og etter god rast ute på dekket, gjekk vi sydover og opp til Raudbergnuten. Vi var der i 1800-tida, perfekt skyfritt rundskode i kveldssol. Dei fem km ned til Bjordalsbu var lette! Vi rann nesten i eitt strekk ned til vatnet. Hadde hytta for oss sjølv om kvelden, og vi fyra godt opp, åt lapskaus på boks, og las under kvart vårt pledd. Herleg! Vakna til 10-15 minus, men like klart og stille. Eg gjekk ein liten tur oppom nuten vest for hytta, før vi hadde ein lett retur til Breistølen. 12 km inn til hytta, 10 km tur-retur Raudbergnuten, og greidde >>>

Map    

Hestenutan i påska

Date:
12.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
16.0km
Map    

Bikkjenuten i påska

Date:
10.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
25.0km
Map    

Første på Rust i år

Date:
02.04.2017
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
11.4km

Køyrde til Bøle og gjekk opp i køyrde spor via Hovdestaul. Eg på fjellski, Tom på langrennsski. Rottent utafor spora, lite snø. Rasta på toppen i noko vind. 2 timar og 52 minutt inkludert rast. 469 hm. 11km.

Map    

Lifjell på vegen mellom Stathelle og Oslo!

Date:
26.03.2017
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:30h
Distance:
20.0km

Stressa over at skisesongen er på hell. Greidde skitur i Oslo før 50-årsdag på Stathelle laurdag. På sundag sette eg mannen på bussen, og drog sjølv til Lifjell. Der greidde eg både 20 km på ski og ny topp, Øysteinnatten. Sol, vind og 10 varmegrader på topptermometeret. Bilen viste +15 på Jønnbu. Raudt klister gav feste, men føret var svært trått. Gjekk aleine.

Map    

Oppom Kikuttoppen på veg frå Mylla til Movatn

Date:
18.03.2017
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
5:30h
Distance:
50.5km

Skibussen til Mylla. Perfekte spor, isklister fungerte flott, vi gjekk Mylla, Trantjern, Ølja, Tverrsjøen, Skarvvatnet, Pershusvatnet, Finnstadtjennet, Aklangen der vi rasta, Katnosa der Finn sa adjø og sette opp farta for å rekkje selskap heime, Sandungen, så over mot Kikut og eit sidesprang opp til Kikuttoppen der eg aldri har vore før. Skuffande at det var så gjengrodd og ikke utsikt, men eg gjekk litt nedover på sudsida slik at eg fekk overblikk, same veg tilbake ned til Kikut (vaffel inne), ned på isen og over til Fortjern, Helgeren, Gørja, Kalvsjøen, der eg tok ein ekstra dune fordi eg skjønte at eg trang ein halv kilometer til for å runde 50 km, Aurtjern, Finntjern og ned til Movatn der Tom plukke meg opp. Finn var altså med dei første 18 km. 5 timar og 31 minutt, 50,5 >>>

Map    

Oppkuven på ski og føtter

Date:
15.01.2017

Flott kald skisundag, men ikkje snø i byen. Køyrde difor til Sørkedalen, bar skia til Pipenhusvegen, og fekk skispor derifrå. Betre og betre forhold jo høgare ein kom. Har alltid pleid å gå til venstre når ein kjem til toppen av dei lange motene (9 km motbakke), men i går gjekk eg til høgre opp Kjagedalen. Super trasé og nedsnødd landskap i januarsol. Oppkuvvatnet var også nydeleg. Følgde merking og spor opp til toppen. Vassa siste bratte stykket. Meiner eg var på toppunktet, men såg ikkje tårnet. Nede på vatnet snakka eg med han eghadde følgd spora til, han ba om orsaking for å ha følgd sommarsporet! 3 timar og 37 minutt, 26,5 km.

Map    

Måtte snu før toppen

Date:
16.10.2016

Køyrde langt og lenger enn langt frå Oslo til parkeringa ved Skjellingen. Sommardekk på bilen og overraskande nok kvit veg dei siste par mila inn grusvegane. 20 km i timen og ein time frå Randsfjorden. Raskt opp til Store Skjellingshovde. Heilt kvitt og ikkje sikt. Men vi gjekk no likevel ut til venstre til Utsikten før vi følgde traseen til Ole Petter. Tråkking i snøkledd terreng og halvfrosne myrar. Etter 40 minutt på veg over ei ny kvit myr, gjekk vi begge gjennom og nedi noko som viste seg å vere ein myrepytt, ikkje myr, og den var ikkje frosen nok! Vi drog kvarandre opp, og bestemte der og då at Vesle skjellinghovde fekk vente til ein annan gong! 1 t 35 rakk vi å vere ute, 4,5 km. 136 hm. Marit og Uncas var ned.

Map    

Reprise til Hof, men ny topp

Date:
07.10.2016
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
1:06h
Distance:
3.8km

Nokre år sidan Skibergfjell, men plutseleg hadde eg altså mista fylkestopper i Vestfold! Passa fint å ta den på veg til hytta ein avspaseringsfredag. Strålande haustver, lunsj på Eidsfoss, møtte Marit i eigen bil, køyrde bomvegen opp til Dovrefjellvegen eller noko sånt, og gjekk brei nydeleg stig til topps. 3,84 km tur-retur. 1.06 i tid brukt, 169 hm. Marit og Uncas var med.

Map    

Kommunetopptur med badstu!

Date:
25.09.2016
Duration:
2:12h
Distance:
14.2km

Fin septemberdag, og Marit og eg lesste syklane på bilen og drog til Grue. Fin køyretur til Namnå, der vi følgde vegen til Monsrud, betalte 20 kr for å køyre vidare på fin grusveg til Rotna. Kryssa elva og parkerte i vegkrysset der begge vegane har låst bom. Vi sykla jamnt oppover, ikkje mange kvilestrekk her! Men grei trasé, ikkje for bratt, slik at ein på lett gir kom seg opp overalt. Etter Revtjernet gjekk vi opp på åsen, og ved hjelp av GPS fann vi toppunktet, så nedatt til Revtjernet, og der fann vi ein furulegg med tørr bakke framfor og åt nista i ettermiddagssol. Grei sykkeltur nedatt. 14,23 km, 322 hm, 2 timar og 11 minutt brutto, 1 time 34 minutt i rørsle. Men avslutninga på turen blei uvanleg, ringte til god kollega og fekk stadfest at han var på hytta ved Kirkenær, >>>

Map