Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Lang køyretur for lite

Date:
29.10.2021
Duration:
0:19h
Distance:
1.1km

Etter jobb i Bergen i tre dagar, plukka eg opp leigebil på Flesland og køyrde den lange vegen ut til Øygarden, der eg brukte knappe 20 minutt på turen opp til Blomøyknuten. Det har regna jamnt i Bergen denne veka, så kjende meg heldig med oppholdsvær, utsikt og ganske mildt, men kraftig vind. Ny lang køyretur til Stord for å prøve meg på ein litt meir ordentleg tur i morgon. 19 minutt og 30 sekund, 71 hm, 1,13 km. Gjekk aleine.

Map     5 comments

Kveldstur til Storefjell på Håøya

Date:
17.10.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
2:43h
Distance:
10.6km

Etter besøk på Stathelle, fekk eg følgje av kusine Kari og vi drog i retning Langangen for å gå til høgaste punktet på Håøya, Storefjell. Vi starta litt for seint (kl 1630), og vi hadde ikkje gjort forarbeidet vårt ordentleg, så vi rota oss opp ein bratt skrent frå Mørjefjorden, der det kunne sjå ut som om det gjekk stig langs strand bort til Vrangsund; det gjorde det ikkje. Følgen var at vi måtte klore oss opp til steinbrotvegane, så leite etter stigar og farbare vegar i verkeleg bratt og ulendt terreng. Men då vi kom til sundet, var alt fint. Merkt stig til toppen, låg sol, klart og kaldt oktobervær. Då vi kom på toppen, var sola gått ned, men månen var komen opp, og utsikten mot Helgeroa og horisonten var flott. Vi greidde oss eit lite stykke utan hjelpelys, men så >>>

Map    

Rust i oktober

Date:
09.10.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
6.5km

Gjekk frå Dammen, opp Kåbakkan til Rust i svært roleg tempo. Stille utan vind og god temperatur. Fine fargar. Rasta på toppen, gjekk bortom Dammen ved Bjønnurdveggen, så Dritarkleiv ned. 6,5 km, 3,5 time brutto, 504 hm. Tom og Kristin var med.

Map     4 comments

Tur med damer

Date:
05.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:34h
Distance:
6.0km

Map    

Morgontur frå Istjenn

Date:
05.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:15h
Distance:
5.8km

Liten morgontur, først til Tempelnatten, så opp til Langås, deretter ned til frukost.

Map    

Morgontrim til Urdenatten

Date:
04.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:54h
Distance:
4.1km

Gjekk rask tur før frukost, for hovudtrenar med damer seinare på dagen kom til å bli veldig bedageleg. Så gjekk opp på begge Urdenattane og dessuten Nordnatten med mast lenger aust. Brukte 54 min på 4,1 km før frukost. 203 hm. Gjekk aleine.

Map    

Ranten frå Istjenna

Date:
03.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:57h
Distance:
12.5km

Frå hytta til Marit ved Istjenna i fint lettskya septembervær. Vi gjekk opp til krysset mot Høgevarde og ned over toppen mot vest og tilbake mot Istjenna. Her har eg berre vore på ski før, og første gong på Ranten. Marit var med. Gløymde å slå på klokka etter toppen, så mista litt tracking. Knappe 3 timar på tur, ca 12,5 km, 550 hm.

Map    

Vornuten

Date:
29.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:28h
Distance:
12.6km

Map    

Vettakollen

Date:
27.08.2021
Duration:
1:00h
Distance:
11.0km

Map    

Rust på moltetur

Date:
04.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
8.5km

Nydeleg tur til Rist. Dåg kongeørnnog hoggorm. Rasta ved Dammen over Bjønnurdveggen. Plukka tre liter molter. Gjekk aleine. 8,5 km, 594 hm, 3,5 time.

Map