Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Skredfjellet dagen derpå

Date:
13.05.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:30h
Distance:
9.7km

Etter flott, men slitsam tur til Grovabreen i går, og sidan veret ikkje var like strålande, satsa vi på ein mindre krevjande tur i dag. Vi køyrde frå Jølster til Førde og så til Sande, deretter opp Storedalen. 60 kroner i bompengar var vel anvendte pengar. Vi parkerte i setergrenda og gjekk opp god stig som vi følgde heilt inn dalen til Storedalsskardet. Derifrå var det ikkje stig lenger, men vi tok av opp til høgre opp fjellsida. Vi surra litt i det småkuperte fjellandskapet, men fann greitt fram til varden. Vindstille og flott rundskode frå toppen, dermed låg det til rette for lang hyggjeleg matpause. Blægja låg rett fram og vi snakka om turen som vi har til gode dit. Tilbake fann vi ein betre trasé og gjekk rett ned til skardet att. Dermed var det berre å følgje dalen ut. >>>

Map    

Grovabreen i kaldt og klart maivær

Date:
12.05.2026
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:00h
Distance:
17.5km

Vi køyrde etter jobben til Knut frå Oslo, og kom fram til Kjøsnes kl 2330. Der hadde den hyggjelege verten Nils-Einar venta oppe på oss, og då han høyrde at vi tenkte oss til Grovabreen dagen etter, lånte han oss skredøkjarar og søkjestong og ein spade. Vi var berre delvis utstyrt. Vermeldinga var veldig bra for den første delen av dagen på tysdaen, så vi var oppe kl 0700, og starta frå Dvergsdalsstøylen kl 0900. Om natta melde yr at det hadde vore 18 minusgrader på breen, men vi starta på ca 0 grader frå Dvergsdalen. Heilt blå himmel og nydeleg fuglesang. Vi gjekk i skistøvler med skia på sekkane. Vi starta med ein liten feilsving, for vi gjekk opp til støylen først, i staden for å følgje bratt grusveg rett opp mot Fagerdalen. Men det gjekk fin gammal stig frå stølen >>>

Map