Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vettakollen andre påskedag

Date:
21.04.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
6.8km

Køyrde til trafoen og gjekk raskt opp. Brukte litt lenger tid ned, for tok små stigar for å lytte til fugl. Identifiserte gransanger. 6,8 km, 253 mhm, 1 t 35. Gjekk aleine.

Map    

Vesle Nup - draumedag

Date:
18.04.2025
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:08h
Distance:
15.0km

Gjekk på beina opp lia frå Haukeliseter. Brukte litt tid på å stokke mannskapet, men eg endte med å gå til Vesle Nup med Svein og Ingunn, medan mann, dotter og nybyrjarpartner gjekk ein liten tur i køyrde spor. Neste vindstille, nesten skyfritt. Fin temperatur. Følgde mange andre nesten i kø opp til toppen. Supert føre, men gjekk på tynne langrennski for hadde opphavleg tenkt å gå i dei fine køyrde spora. Men i dag var det ikkje noko problem å renne ned på langrennski, sjølv om det starta å bli litt blautt på tilbaketuren. Fantastisk fin liten topptur! Veldig grei trasé både opp og ned, nydeleg toppunkt der mange fine kjenningar kunne identifiserast: sandfloegga, Nupsegga, Hårteigen, Vassdallsegga og Kistenuten. Gjekk veldig greitt tilbake også. 3 t 10 min, 727 hm, 15 >>>

Map    

Tredje Rust-tur i år - på ski og beina

Date:
14.04.2025
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
9.0km

Gjekk på beina frå Valedammen til Skor og runda Listaulnuten før eg kunne sette på skia. Gjekk myrane og lia bort til hytta på Gåsevatn der eg hadde ein prat med Øyfrid og Viggo. Så opp Gåsevassdalen der eg måtte av med skia to gonger pga open bekk. Rasta i Skavlen bak Rust som vanleg. Gjekk opp til venstre for toppen, det siste stykket på beina. Litt vind, men herleg pause likevel på toppen. Sette på meg skia og køyrde ned på framsida så lenge det var snø i renna der. Bar så skia ned til myrane over Skor. Gjekk derifrå på ski myrane ned til Skor og Dukan ut mot bekken. Då eg kom ned til Skorsvegen rett ovanfor der stigen til Bratsberg tar av, tok eg av skia og starta på nedturen til fots. Møtte Tom som kom for å møte meg. Vi gjekk saman ned til bilen. Den Rust-turen >>>

Map    

Storegrønut

Date:
12.04.2025
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
18.0km

Map    

Hardangerjøkulen igjen

Date:
06.04.2025
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
5:30h
Distance:
23.5km

Etter flott langtur i går, frå Finse gjennom Kyrkjedøri til Geiterygghytta og tilbake via omnsvatnet til Finse, var eg litt mør då eg starta turen mot Jøkelen i dag, sundag. I går var det skyfritt og vindstille, med temperaturar rett under null, i dag var det også skyfritt, men vi hadde noko vind frå vest. Dessutan panserføre, og eg var open for å snu om det blei for slitsamt å gå på den knallharde skaren. Men etter ein liten pause på Appelsinhytta, følgde eg med dei i gruppa som ville vidare, og kom meg opp til Jøkelhytta utan altfor store problem. Men i det siste bratthenget tok eg av skia, for det var så hardt at det var vrient å kante skia, og halvfellene sat ikkje godt nok. Vi åt niste på Jøkelhytta, og gjekk så med sur vind rett mot over breen. Eg var den einaste >>>

Map