Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fin tur i kald klar haustdag

Date:
29.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
3:04h
Distance:
9.1km

Map    

Utsiktstårnet på Mistberget i tett skodde

Date:
26.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:18h
Distance:
4.8km

Map     2 comments

Vettakollen

Date:
23.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:48h
Distance:
9.3km

Map    

Holtankollen i gråvær, første av tre

Date:
18.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:18h
Distance:
1.5km

Køyrde og parkerte ved Holtan, gjekk raskt med høg puls opp. Fin, etter forholda tørr stig. Dessverre ikkje utsyn pga skodde. Sikkert fint her oppe. 1,5 km, 117 hm, brukte 22 min. Gjekk aleine.

Map    

Hestefjell siste av tre

Date:
18.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
3.0km

Etter Liakollen køyrde eg vidare på Skjelbreivegen og tok av til høgre mot Elgtveit. Parkerte ved bommen der det stod to bilar frå før. Gjekk det som var markert som traktorveg på kartet. Ikkje noko særleg, traktorvegen var både gjengrodd og svært våt. Der det begynte å bli litt brattare, var vegen grave heilt ut til djupe bekkar. På den andre sida gjekk den mykje høgare opp enn kartet markerte. Den går faktisk heilt opp til det uthogde opne fjellpartiet. Det oppdaga eg då eg skulle gå nedover, då følgde eg denne traktorvegen frå toppen og ned til omtrent der eg hadde tatt av frå den og busha på veg opp. På det punktet omtrent fann eg ein gammal stig som eg valde å følgje ned att, det var eit betre vegval, sjølv om det var eit veldig bratt parti der før eg kom ned >>>

Map    

Andre i gråværet: Liakollen

Date:
18.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:33h
Distance:
2.0km

Køyrde frå Holtan og vidare til Skjelbredvegen forbi Nyhus. Parkerte langs vegen i ei lita lomme og gjekk raskt på våt stig oppover. Toppunktet var unnseleg, det var vel furua eg tok bilete av som stod på høgaste punktet. Fann meir traktkantarell enn eg kunne få med meg på veg ned. 2 km, 119 hm, 35 minutt, stadig aleine.

Map    

Piggen

Date:
13.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:19h
Distance:
6.0km

Vermeldinga gjekk frå regn til overskya, og eg fekk følge til Solum. Vi gjekk veldig godt merkt stig til Hvitsteintjønna og vidare til Piggen. Veldig vått i skogen. Ikkje ein topp å skryte av, ikkje noko utsyn, men furuskog og godt markert toppunkt. Vi gjekk over toppen og tok ei anna rute tilbake. 6 km, 167 hm, 2 t og 20 min inkl kvikklunsjpause. Benjamin var med.

Map    

Til Lakollen i regn

Date:
12.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:33h
Distance:
2.2km

Regnværsdag og ærend på shoppingsenter Downtown ( som eg tykkjer er eit utruleg teit namn!), opna opp for ein liten topptur i nærleiken. Køyrde til Lakåsene. Følgde blåmerkt stig til topps i vått terreng med eiketrær og fine berg. Fort opp og ned, supert utsiktspunkt dette. Småjogga litt nede på vegen for å runde 2 km. 2,15 km, 117 km, 36 minutt.

Map    

Vettakollen 1. oktober

Date:
01.10.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:28h
Distance:
10.5km

Gjekk heimafrå. Flott utsyn, ok temperatur. 10,5 km, 351 hm, 2 t og 27 inkl handling på heimvegen.

Map