Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Hornshovd i friskt haustvær

Date:
28.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:08h
Distance:
9.4km

Map    

Napanuten i ettermiddagssol

Date:
25.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:57h
Distance:
3.6km

Køyrde inn frå Garvik mot Trollebotn. Første gong på Seljordsheia for meg. Følgde Sirohos løypeval mot Napanuten, men feilorienterte i pinleg grad og styrte inn mot den mykje lågare toppen vest for Napanuten. Gjekk opp der og såg då Napanuten som eit utilgjengeleg glasberg mot nordaust. Gjekk tilbake og mot vest slik at eg kom inn på sporet til Siroho. Svakt spor av stig som det var lurt å følgje, for det meste elles er for bratt og utilgjengeleg. Toppunktet var utruleg flott, stupbratt til alle sider, blanke berg og krokfuruer. Vidt rundskode. Sporet mitt tilbake bør følgjast når ein går opp også, for her var stig nesten heile vegen! Var litt halvsjuk, men deilig å få til ein liten tur likevel! 3,57 km, 1 t 57, 217 hm. Gjekk aleine i nydeleg vær.

Map    

Vettakollen

Date:
18.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
10.1km

Gjekk heimefrå. Den tunge forkjølinga heng i, men småjogga likevel innimellom. Veldig motivert for å ta opp trening igjen! 2 timar, 10,1 km, 301 hm. Gjekk aleine.

Map    

Eit stykke opp mot Ushba

Date:
05.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
4.8km

Andre fjelltur i Svaneti. Vi køyrde i taxi verdas verste veg frå Mestia til Koruldi- sjøane, frå 1400 til 2700 moh. Så gjekk nokre av oss oppover mot breen under det mektige Ushba-fjellet (4700 moh). Vi gjekk frå 2700 til 3200 moh, litt tungpusta. Rart å tenkje på at det var 1500 m att til toppen der vi snudde! Heim til Mestia gjekk Anne og eg frå ca 2250 moh ned til byen på 1400. Flott gammal seterveg. Anne, Eirik, Tom, Svein og eg gjekk motbakketuren. Angrar litt at eg vi ikkje gjekk dei 50 siste høgdemetrane slik at vi hadde sett breen.

Map    

Mentashi

Date:
03.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:15h
Distance:
16.3km

Første dag i Svaneti, Georgia bestemte vi oss for å prøve å kome oss opp i høgda. Fire av oss valde å gå opp til toppen av skiheisen, og så følgje ryggen bort til Mentashi - høgaste punktet på denne ryggen. Dei fem andre tok skiheisen opp og nøgde seg med å gå fram og tilbake bortover ryggen. Vi manøvrerte feil i starten og endte med å bushe i bratt terreng eit stykke - før vi kom opp til neste skiheisstasjon. Derifrå gjekk vi i opne alpinløyper opp. Spektakulær utsikt ettersom vi vant høgde. Ushba (4700) reiste seg som ein vegg på andre sida av dalen for Mestia, og då vi kom bort til Mentashi, var utsynet mot Ternold (4858) imponerande. Vi gjekk ryggen tilbake, tok noko å drikke på kafeen der Tom venta på oss, og tok skiheisen ned. 16,4 km, 1274 hm, 5 t og 15 temaer. >>>

Map     2 comments