Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Fin runde om Ramåsmyrnuten og Søylesetknatten

Date:
30.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:16h
Distance:
12.0km

Rekognoseringstur før stiryddingsdugnad seinare. Vi blei sett av på Vinsvål og gjekk vegen til Skomestaul. Deretter stigen opp Skomestauljuvet som vi skal rydde seinare. Èin sving bortom der eg trudde eg skulle finne Trollbu, men fann den ikke, så vidare til Søylesetknatten og Ramåsnuten eller Ramåsmyrnuten. Ned til Ramåsmyran og Busanden og bort til Stubbåi der eg hadde sett att ein bil. Hyggjeleg turfølge i Espen. I Skomestauljuvet skremde vi opp ein flokk orrfugl, vel eit årskull med store ungar. Og på Ramåsmyran møtte vi ei stor elgku som vi kunne følgje med blikket lenge. Storvegs tur! 12 km, 570 hm, 4 t og 27 min.

Map    

Nutar frå Holtardalen

Date:
29.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:53h
Distance:
6.0km

Køyrde for første gong inn på hyttefeltet i Holtardalen og parkerte heilt øvst ved stigstart. Hyttefeltet er kontroversielt i Vinje, og det forstår ein. Vi gjekk opp Holtardalen og såg Kjåkkmeitjønni rett fram. Då skar vi opp ryggen til høgre og styrte rett opp mot toppen. Veske Brattskarnuten var bratt til alle sider med flott utsyn. Litt vind og mindre sol enn meldt. Nedatt gjekk vi på vestsida, så ut tverrdalen tilbake til Holtardalen og derifrå rett opp til Løyningnuten. Nydeleg flatare toppunkt, litt varmare var det også blitt i veret, og vi hadde fin rast på toppen med blikket mot Raulandsfjøll. Skar så rett ned mot startpunktet - for ein del utan stig. Traff stigen rett ovanfor startpunktet. 6 km, 386 hm, 2 t og 53 inkl to pauser på dei to toppane. Tom var med.

Map    

Furufjell

Date:
27.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:32h
Distance:
6.0km

Klassisk tur. Opp til Furufjell og så nokre sveip Norton nokre moltestøe. Kriseår for molter her. Fann vel 1-2 dl der eg elles ville ha plukka fire liter. Og ikkje noko kart med von om betring litt seinare heller. Likevel deilig dag oppe i nutane. 6 km, 386 hm, borte i 2 timar og 36 minutt. Koste meg aleine.

Map    

Øytoppen på Halsnøy

Date:
24.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
5.6km

Etter heilt fabelaktig besøk på Halsnøy kloster (endeleg!), tenkte eg at burde få med meg meir frå denne vakre øya. Så køyrde til Mehus og gjekk god (men tidvis våt) stig, først til Jamburfjellet, så Ramnakulten. Nydeleg dag, blå himmel, lita lufting, 18-20 grader. Møtte ingen. Koste meg med Farris og nøtter på toppunktet. Tenkte at Halsnøy er nydeleg. Tok eit bad nede ved Slettanrset etterpå. 5,6 km, 300 hm, 2 t og 7 min, inkludert pause og litt fugletitting. Fin sikker observasjon av svartmeis, første i år. Gjekk aleine.

Map    

Lang reise for desse få metrane

Date:
23.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:18h
Distance:
0.3km

Etter nokre timar på Havråtunet, køyrde eg dei ca to timane til Sæverøy, tok ferja over - med bil - køyrde ned til Fedjebjørnen, gjekk dei få metrane opp og ned, køyrde tilbake til hamna, kjøpte litt mat på butikken - og så tok eg neste ferje tilbake. Forkasteleg i dei fleste bøker, men turen er tatt i fint vær, og eg har fått eit inntrykk av dette merkelege øysamfunnet.

Map     2 comments

Kveldstur til Høgafjellet

Date:
22.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:02h
Distance:
11.5km

Køyrde frå regn i Langlim til sol på Vestlandet. Brukte vel dryge 6 timar til Osterøy. Parkerte ved Blomvågsleitet. Flytta saker over i ryggsekk og gjekk den knappe kilometeren inn til Træet, der eg fann ei seng i andre høgda og plasserte sekk og sovepose der. Så åt eg ei niste før eg bestemte meg for å bruke den lyse kvelden og gå til toppen med èin gong. Gjekk den historiske stabbesteinvegen opp til Hesjedal. Følgde der svak og svært våt stig opp dalen. Då eg kom opp til dalbotnen/kvæven, kryssa eg bekken og ei myr før eg klorte meg opp langs èin liten foss til bratt lyngbakke som eg forserte. Over brinken så eg èin varde opp til venstre, men skjønte raskt at eg hadde eit godt stykke att til toppen. Måtte opp over fleire luretoppar før eg kom til topps etter 2 timar >>>

Map     1 comment

Sosåshovet

Date:
21.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:23h
Distance:
4.1km

Gjekk frå Trovatn, vegen først og så opp èin hogstveg. Så busha eg resten. Litt utsyn. Sidan eg med dette registrerer ei førstebestigning på Pb, la eg èin stein på det GPS-en meiner er høgaste punktet. Mista retninga då eg busha nedatt, så nedturen blei litt lengre. Men dermed traff eg på ei lavskrike og fekk sett Sosåstjønni, så er godt nøgd. 4,05 km, 1 t 22 min og 149 hm. Gjekk aleine.

Map    

Hovdås

Date:
21.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:58h
Distance:
1.8km

Liten ekstratur. Busha rett opp. Tulla med retningen ned igjen - igjen! Men heldig likevel, for traff på to dvergfalk som kommuniserte lenge. Såg begge tydeleg, både sitjande og i flukt. Merlin hjalp meg å identifisere på lyden. 1,8 km, 143 hm, 58 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Ringdalsnuten frå sør

Date:
20.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:07h
Distance:
13.2km

Køyrde så langt eg kom i retning Verkhus og Smørli. Gjekk vegen inn til Smørli der eg fekk følge av heile geiteflokken frå Lega. Så følgde eg gamal, delvis gjengrodd stig til Nedre Lega, Midtre Lega og litt vest for Øvre Lega. Derifrå gjekk eg bratt opp til venstre på massivet til Ringdalsnuten. Tidvis så bratt i lyngen at eg måtte krabbe på hender og knær. Nedover trefte eg ein betre stig - i alle fall første stykket frå toppen. Så gjekk eg fjellet innover, ein luretopp med varde dekte for den eigenlege toppen. Gjekk aust for luretoppen inn, men gjekk vestafor tilbake. Det var betre. Same veg tilbake. Nydeleg terreng, geiter, sau og folk på Midt- Lega, elles lite liv. Såg èin steinskvett og heipipelerke. Elles har vinden (Hans?) herja fælt, usedvanleg mange store rotvelter. Gjekk >>>

Map    

Første Rusttur i sommar

Date:
18.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:52h
Distance:
7.1km

Køyrde til Valedammen og gjekk opp KåbKkan og Vierdalen til toppen. Gjekk nutane bortover og nedatt om Svartetjønn og Olsokfonni. Sjekka moltestøene undervegs; ser dårleg ut i år.

Map