Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Endeleg Rust igjen

Date:
31.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:30h
Distance:
10.0km

Endeleg ein dag denne påska som eigna seg til topptur! Det har snødd, sludda og regna tett i heile påskeveka, men første påskedag opprann slik ein påskedag skal vere. Tom og eg køyrde til Dammen og gjekk opp vanleg trase, eg med feller under fjellskia.Vi rasta på fast plass bak Rust, før vi gjekk opp til sjølve toppen. Sur vind der, men blankt rundskode. På veg ned møtte vi svigerinne og nevø på randoski, dei ville køyre ned på framsida. Vi følgde same sporet tilbake på baksida. Tom gjekk på langrennski fordi han ikkje hadde pakka riktige fjellskistøvlar. Han strevde litt nedover og bar skia i fleire av dei brattaste partia. 10 km, 552 hm, 3 t og 30 borte inkludert matpause mm.

Map    

Branntjernhøgda - siste 100 m pf i Oslomarka

Date:
22.03.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:45h
Distance:
22.0km

Flott vermelding, sol og varmt. Skulle hente dotter på Gardermoen så det passa fint å ta ein tur nord i Marka. Køyrde difor til Svartbekken og sikta meg inn på den siste toppen, nr 48, på Oslomarka 100 m pf. Hadde på bakgrunn av skituren dagen i forvegen smurt med raudt klister. Det var ikkje ideelt. Regnet vi fekk i Oslo hadde kome som snø på Svartbekken, og sjølv om eg hadde feste oppover, hadde eg supertrå ski som tenderte mot klabbing på veg opp til Snøploghøgda. Gjekk til Gjerdingsdammen, så Snøploghøgda og deretter litt rett fram før eg tok av ut i terrenget. Fann stort sett opne hogstfelt oppover før det blei litt tettare skog etter kvart. Det var greitt å gå, skare med nysnø, og eg sakk ikkje meir enn 5 cm nedi. Toppen var ikkje noko særleg, sol på eit ope berg, >>>

Map    

Resfjellet i supre forhold

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:00h
Distance:
14.0km

På veg frå Mo i Rana til Oslo overnatta vi på Fannrem for å få med oss Resfjellet sundag morgon. Vi var kjempeheldige med vêret, og køyrde til Kåsan parkeringsplass. Der var det nykøyrde spor og heilt blå himmel, vindstille og eit par minusgrader. Vi gjekk med fjellski og feller. Då vi tok av frå skisporet og vende nesa mot fjellet og høgdemetrane, valde vi å følgje ein trase på framsida av fjellet. Det var gått folk der før, flest ned rett nok, men vi følgde ein som hadde gått oppover. Vi tok det roleg og kunne verkeleg nyte utsynet mot Trollheimen. På toppen møtte vi Sturla S med hund. Det var jo ikkje heilt uventa, han må ha registrert hundrevis av alle turane til denne toppen. Dette var tredje dag på rad for han, og han brukte berre halve tida på turen i forhold >>>

Map     2 comments