Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (400)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Stac Pollaidh
- Date:
- 04.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:53h
- Distance:
- 5.2km
Overnatta to fine netter i Ullapool på Skottlandsferien vår, og brukte ein ettermiddag på tur til Stac Pollaidh. Den første toppen var grei, men bortover tinderekka blei det ganske luftig og ekkelt, og før siste og dessverre høgaste toppen, tok vi av og aka oss ned skardet mot hovudstigen. Marit og eg greidde å miste Tom som gjekk først, og der vi trudde vi gjekk i hans spor, hadde han kasta inn handkledet tidlegare, og kome seg ned til stigen via eit anna skard. 5,2 km, 540 hm, 2 timar og 52.
Øyungskollen med bad etterpå
- Date:
- 10.06.2018
- Duration:
- 0:54h
- Distance:
- 7.0km
Tom og eg og den gamle hunden ville til Øyungen for å bade, men for å få litt trim, gjekk eg så raskt eg kunne skogen opp til Øyungskollen og så bratt ned til Øyungen for å møte dei to og for å bade. Varmt vatn! Heim jogga Tom, og eg fekk overta hunden i svært roleg tempo. Det var ca 7 km tur-retur, 275 hm. Lite besøkt herleg utsiktspunkt!
Kremtopp i kremver: Sankta Synnevahornet
- Date:
- 03.06.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:42h
- Distance:
- 8.4km
Anne og eg hadde overnatta i campinghytte på Nore fjordsenter etter den store turen til Ålfotbreen dagen før. Etter morgonbad og frukost kom vi til parkeringsplassen ved vegen kl 0945 og starta å gå i vindstille og 17 grader og full sol. Lett å gå inn vegen der stigen startar, merkt med ynt, kanskje Ytre Nordfjord turistforening eller noko? Litt jungel oppover, men heilt fint å gå. Nokre har skrive kor vått det kan vere oppover, men etter tre vekers tørke var Goretex-sko heilt greitt og joggesko hadde også fungert. Men her er nok vått til vanleg!
Nydeleg kulturlandskap dette, først den velhaldne raudmålte hytta/stølen ved eit lite vatn, og over tregrensa den flotte stølen Skogadale. Tre nydelege steinhus, der i alle fall eitt var på veg ned. Murt kløvveg oppover i ura, der >>>
Ålfotbreen i draumeforhold!
- Date:
- 02.06.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:18h
- Distance:
- 23.0km
21 grader då vi starta ved kraftstasjonen, 27 då vi kom nedatt, men frå den store ura og oppover (og nedover) var det ideell temperatur, og dessutan vindstille og heilt blått. Knusktørr vegetasjon er nok sjeldant på desse kantar, men vi har jo hatt sommarvarme utan nedbør i tre veker no. Utruleg herleg tur. Eg hadde ringt Svenn Petter Kjerpeset på torsdag, og få stod han faktisk på breen i shorts! Takka vere info gjekk vi på Goretex-sko, i shorts og utan sikring. Faktisk gjekk vi stort sett på tørt berg, men nokre snøflater gjekk vi no over. Og obligatorisk sving ut på breen for å krysse av toppunktet. Vi skreiv oss inn i boka i toppvarden og registrerte at dette verkeleg er ein lite besøkt topp, kanskje fordi veret stort sett er grått? Vi såg eit lemen, to ryper og ein hare >>>
Furufjell
- Date:
- 20.05.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:51h
- Distance:
- 6.1km
Pinse i Langlim med sommartemperaturar. Kosetur opp og ned til Furufjell, Tom gjekk raskt, eg heldt følgje med gamle Uncas og Marit. Deilig å gå på barmark igjen.