Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rust

Date:
27.08.2017
Characteristic:
Hillwalk

Hadde invitert til felles tur i Gjevarvatn vel, men vi var berre fire som møtte, og så hekta tre til seg på på toppen. Vi gjekk frå Valedammen, via Skor og Gåsevatn og kome opp bakfrå. Tom, Alexander, Anne, Hildegunn, Hallvard og Anne Mette var med + tre hunder. Brukte lang tid, fire og ein halv time. Gløymde å tracke turen.

Map    

Furufjell med moltetur

Date:
26.08.2017
Distance:
5.3km

Map    

Vesle Skjellingshovde - andre forsøk

Date:
25.08.2017
Distance:
10.4km

Overnatta i Airbnb-heim på Odnes, 300 kr inkludert frukost! Derifrå starta eg kl 0830 i strålande sol. Randsfjorden er berre så nydeleg, måtte berre stanse midt på Flubergbrua i den stille morgonen for å ta eit bilete. Etter brua tar ein til høgre og så direkte til venstre der det er bomveg. 80 kr i kontantar eller PR vipps. Her prøvde eg meg i fjor haust, Sommardekk på det som etter kvart viste seg å vere vinterveg, nervepirrande! Det er langt å køyre innover, følg Skjellingsvegen heilt til ein ser eit skilt på høgre side der det står Skjellingshovde. Vegen frå skiltet er kjempedårleg, så eg kraup innover, denne var faktisk betre på vinterføre! Parkerte på p-plassen, og tok venstre veg opp til kjettingen og stidele, sjå bilete. Stigen opp til Store Skjellingshovde >>>

Map    

Blåskavlen

Date:
24.08.2017
Distance:
13.6km

Moro å vere på tur aleine! Etter fin overnatting i Aurland - hos Anne Lise via Airbnb - og etter å ha besøkt både Vangen, Flåm og Undredal kyrkjer, starta eg å gå frå toppen av Nalfarhøgdi p-plass og gjekk etter Knut Sverre sitt GPS-spor. Men det hadde eg nesten ikkje trengt, for heile traseen var i grunnen godt merkt. Fine vardar heilt til topps, og siste halvpart også litt bleike raude t-ar. Veldig motiverande og lettvint å gå i varda terreng. Det var meldt skiftande sol før 1200 og grått etterpå, men eg var heldig, og det blei omvendt. Toppen låg i lågt skydekke då eg starta, men på toppen var det fullt rundskode, og sol med eit tynt dislag framfor. Eg gjekk i trøye for det var ikkje vind, heilt opp, men det blei kaldt å sitje å raste, så tok på meg litt meir klær. >>>

Map    

Folarskardnuten, ferdig med Buskerud!

Date:
23.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
21.0km

Enter å ha sjekka værvarselet måndag kveld, og fordi eg har eit par ferieveker eg tar ut før eg skal starte i ny jobb, greidde eg å hive meg i bilen tysdag morgon og hadde ein draumetur opp Hallingdal, med mykje kulturminne slik eg likar det. Overnatta på Storstølen, god middag og frukost, flott standard på rommet, men prisa deretter. Køyrde tilbake og inn Raggsteindalen, og følgde grovt sett turopplegget til Sola og Knut Sverre. Men egvar nok utruleg mykje heldigare med vêret enn dei var. Dei gjekk akkurat denne veka i to ulike år ser eg. Eg gjekk i kortarma trøye heilt opp til Lordehytta. Der bles det, så eg tok på anorakk og lue. Eg var veldig spent på det bratte partiet der, og trur eg hadde omtrent akkurat same forhold som Knut Sverre og Astrid. Alt gjekk greitt, men eg >>>

Map     4 comments

Mermigaris

Date:
14.08.2017
Distance:
1.0km

Dette er høgaste topp på øya Kythira, sør for Peloponnes. Stor skogbrann hadde herja veka før vi kom ned, så hele åsen var brent av. Vi køyrde heilt til topps de det ligg eit slags radaranlegg. Det lukta brent då vi gjekk ut av bilen. Gjekk rundt anlegget og bort til sjølve toppunktet. På kartet står det at toppen er 506 moh.

Map    

Furufjell moltetur

Date:
06.08.2017
Distance:
5.5km

Map    

Bergstaulbroti moltetur

Date:
05.08.2017
Distance:
5.8km
Map    

Furufjell og moltetur

Date:
04.08.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
6.1km

Map    

Trollevassnibba

Date:
02.08.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.7km

Gitt kraftige regnskyll i dag tidleg og regn då vi kom til løypestart ved skiltet eit stykke forbi skolen på høgre side, var nok dette ein tur for spesielt interesserte. Og spesielt interesserte var korkje Tom eller Uncas i dag, begge heilt nøgde etter dei to fine turane i går. Men eg la i veg i regnet. Etter kvart gav det seg, men våt blei eg så det heldt, for særleg midtpartiet med myrane, var som ein sjø av søyle og vatn. Eg plaska over, men det gjekk trått for eg prøvde å unngå å tråkke nedi over støvlane. Bergpartiet etterpå var eigenleg veldig fint, og så grovt at eg hadde godt feste for goretexskoa. (Det var søylepartia som var såpeglatte, då særleg nedover.) det klarna meir og meir opp, og då eg skulle ta selfie på toppen måtte eg myse mot sola! Supert toppunkt. >>>

Map