Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (113)
- Backcountry skiing (80)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (418)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Skredfjellet dagen derpå
- Date:
- 13.05.2026
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:30h
- Distance:
- 9.7km
Etter flott, men slitsam tur til Grovabreen i går, og sidan veret ikkje var like strålande, satsa vi på ein mindre krevjande tur i dag. Vi køyrde frå Jølster til Førde og så til Sande, deretter opp Storedalen. 60 kroner i bompengar var vel anvendte pengar. Vi parkerte i setergrenda og gjekk opp god stig som vi følgde heilt inn dalen til Storedalsskardet. Derifrå var det ikkje stig lenger, men vi tok av opp til høgre opp fjellsida. Vi surra litt i det småkuperte fjellandskapet, men fann greitt fram til varden. Vindstille og flott rundskode frå toppen, dermed låg det til rette for lang hyggjeleg matpause. Blægja låg rett fram og vi snakka om turen som vi har til gode dit.
Tilbake fann vi ein betre trasé og gjekk rett ned til skardet att. Dermed var det berre å følgje dalen ut. >>>
Grovabreen i kaldt og klart maivær
- Date:
- 12.05.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 9:00h
- Distance:
- 17.5km
Raudsinuten tredje påskedag
- Date:
- 07.04.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:30h
- Distance:
- 35.0km
EiT par ekstra dagar på hytta etter påske fordi vermeldinga og skiforholda var så perfekte. Gjekk frå hytta på isen på Leitestjønn, Gjevar, Breivatn og Trovatn. Gjekk opp til Buin og vidare opp til Roet og Gjeslemo. Så inn Maurtjønndalen og opp på austsida av Raudsinutan. Valde den midtre toppen og gjekk opp og ned etter rast under nutane. Same vegen ned til Roer, deretter Stavatjønn, Breivasslii og heim. 35 km, 6 t og 40 minutt, 626 hm. Gjekk aleine.
Bikkjenuten
- Date:
- 31.03.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 8:00h
- Distance:
- 30.0km
Påsketur til Rust
- Date:
- 29.03.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:54h
- Distance:
- 21.2km
Klemsbu i whiteout
- Date:
- 21.03.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:09h
- Distance:
- 14.5km
Gjekk til Klemsbu i whiteout. Såg ein pinne av gangen. Overfylt inne, men deilig med vaffel og toddy. Så ned igjen i same kvite forhold. Nede på isen igjen hadde det lysna igjen, og Anne og eg gjekk nokre idiotkilometer på vatnet. 14,5 km, 467 hm, 4 timar og 11 minutt. Knut, Anne og Erich var med.
Jøkelhytta igjen
- Date:
- 20.03.2026
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:09h
- Distance:
- 16.6km
Kom med toget frå aust kl 1234, og var på ski kl 1330. Det var flott sol og varmt, men idet vi gjekk inn i skuggen ved Appelsinhytta kom det kaldere vind frå breen. Det var berre å kle på seg, og siste bratte strekket bles det hardt med snø som rauk av underlaget. Sju av åtte kom heilt opp. Vi spiste og drakk inne i hytta og starta på nedturen. Nokre tok av seg skia, og alle kom seg vel heim. 16,6 km, 667 hm, var borte i 4 timar og 11 minutt. Tom, Knut, Svein, Erich, Anne S og Anne H var med.
Romjulstur Rust
- Date:
- 29.12.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 5.2km
Rart julevær utan skiføre, knallhard skare og mykje avblåst bart terreng. Inger og eg tok difor på oss piggsko og gjekk ein sjeldan romjulstur på føtene til Rust. Stort sett bar skaren, men innimellom tråkka vi gjennom. Piggsko var heilt rett fottøy, men burde tatt på oss gamasjer! Vi gjekk opp på 1 time og 10 minutt, brukte like lang tid ned. Fantastisk flott sol, men sterk vind på toppen. 5,2 km, 515 hm, 3,5 time borte. Inger var med.
Jønnardalsfjøllet på barfrost
- Date:
- 16.11.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:42h
- Distance:
- 5.6km