Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Resfjellet i supre forhold

Date:
17.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:00h
Distance:
14.0km

På veg frå Mo i Rana til Oslo overnatta vi på Fannrem for å få med oss Resfjellet sundag morgon. Vi var kjempeheldige med vêret, og køyrde til Kåsan parkeringsplass. Der var det nykøyrde spor og heilt blå himmel, vindstille og eit par minusgrader. Vi gjekk med fjellski og feller. Då vi tok av frå skisporet og vende nesa mot fjellet og høgdemetrane, valde vi å følgje ein trase på framsida av fjellet. Det var gått folk der før, flest ned rett nok, men vi følgde ein som hadde gått oppover. Vi tok det roleg og kunne verkeleg nyte utsynet mot Trollheimen. På toppen møtte vi Sturla S med hund. Det var jo ikkje heilt uventa, han må ha registrert hundrevis av alle turane til denne toppen. Dette var tredje dag på rad for han, og han brukte berre halve tida på turen i forhold >>>

Map     2 comments

Til Narefjell på ski

Date:
29.01.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:13h
Distance:
20.7km

Første gong at eg prøvde skiløypene ved Svanstul. To Huldreløypa til høgre inn til Fugleleiken. Nydelege spor og trase! Gjekk så i fottråkka spor nordover. Klatra heiltvopp til toppen på smale ski, og køyrde ganske forsiktig nedatt på dei same skia!�Flott stor varde, vidt utsyn. Dåg ei rype rett nord for toppunktet. Nedatt til Fugleleiken, og bestemte meg då for å få ned meg runden rundt Svanstulflåttene. Namnet lova godt, eg likar flott-landskap, furuer og ope myrlandskap er vakkert. Slik var det også. Møtte to skiløparar på heile turen, begge rett før eg var tilbake ved parkeringa. 20,7 km, 459 hm, 3 t og 12 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Svarteberget i sol og vind

Date:
23.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
2:27h
Distance:
7.7km

Super tur. Køyrde til Oklungen og parkerte der. Følgde blåmerkt stig til topps. Litt kronglute frå varden bort til den nordvestre toppen, men den var spektakulær med mosekledde svaberg og vidt utsyn. Sterk vind og låg sol. Same ruta tilbake, jogga ned vegen. 2 t 25 min., 408 hm, 7,74 km. Benjamin var med.

Map     2 comments

Ny tur til Vettakollen

Date:
20.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
2:31h
Distance:
9.1km
Map    

Vettakollen som treningstur

Date:
13.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:46h
Distance:
10.0km

Trimtur. Gjekk rask tur heimefrå til utsikten på Vettakollen, jogga 3,5 av kilometrane tilbake. 10 km, 305 hm, 1 t og 47 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Formiddagstur til Høgenhei

Date:
08.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:57h
Distance:
4.3km

Prøvde å gå raskt i motbakkane. Kom dessverre ikkje over skodda. Såg to nøtteskriker. 4.26 km, 184 hm, 58 min. Gjekk aleine.

Map    

Årdalsåsen

Date:
07.11.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
4.2km

Vi gjekk frå Lunde i Bjørkedalen, men valde å ikkje følgje skiltet i første stigkrysd som viste til Årdalsåsen! Vi fekk det for iss at venstre stig var betre. Det var den ikkje! Skikkeleg tåpeleg vegval med bushing gjennom kratt, myr og ufs. Kjempevått i terrenget. Men då vi til slutt kom inn på stig, var jo toppen heilt super med utsyn i tre retningar. Under iss låg fjordyåka og i nord var Lifjell kvitkledd. Følgde stigen nedatt. 4,16 km, 217 hm, 1 t 35 minutt. Benjamin var med.

Map    

Vettakollen

Date:
27.10.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:09h
Distance:
6.5km

Køyrde til Trafoen etter å ha vore siste gong på jobb. Gjekk til topps så fort eg greidde med kontroll på pulsen. Gjekk og jogga tilbake. 6,5 km, 234 hm, 1 time og 9 minutt. Gjekk aleine.

Map    

Liten kosetur til Siljannibba

Date:
23.10.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:23h
Distance:
2.8km

Køyrde til Norddal, gjekk grisute traktorveg oppover. Dei heldt på med tømmerhogst. Fann toppen greitt, og den var kjempefin! Stussa over ein murt trase på veg opp mot toppen, og var imponerte over eit par kjempestore flyttblokker rett under toppen. Toppunktet var herleg med stupbratte berg, eik-og furutrær, og fantastisk flott utsikt utover Bjørkedalen. Vi gjekk litt rundt frå berg til berg, og stussa også over den fjøslykta nokon hadde hengt i ein busk på det eine berget. 2,80 km, 178 hm, 1 t og 24 minutt inkludert pause på toppen. Benjamin var med.

Map    

Liten tur nr 2 til Lundås

Date:
22.10.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:30h
Distance:
1.6km

Følgde Sirohos turrapport, veldig kjekt å få tips om parkering og startpunkt slik at ein slepp å gå utan stig i bratt terreng. Rota likevel litt i starten, men tok meg inntatt og kom innpå stigen litt høgare oppe. Kjedeleg toppunkt, m3n utsikt fra platået der dei har bygd ei rastehytte med bålplass. 1,55 km, 87 hm, 31 minutt opp og ned. Stadig aleine.

Map