Regnvått til Jåfjell (05.07.2025)  2


Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Distance 4.8km
Vertical meters 305m
Map
Ascents Jåfjell (1,004m) 05.07.2025

Køyrde frå Øyfjell forbi Berge og Lid, så inn grusveg til Listaul der eg parkerte. Skifta til regntøy. Det var heilt rett utstyr i dag, men blei tøysevåt på beina likevel sjølv om Goretex-støvlane burde ha halde væten betre ute. Gjekk på retning oppover, men tangerte gamle stigar og dyretråkk som eg heldt litt fast i. Gjekk forbi eit sel med god kvalitet på tømringa som låg i kne. På toppen slutta det å regne og eg fekk eit lite opplett med noko utsyn. Veldig fint toppunkt forresten, markert med liten varde. Eg følgde eit tråkk nedover som tok meg for langt til høgre. Kryssa eige spor rett før den nedfalne staulen, men greidde her å gå for langt til venstre. Mobilen var våt og norgeskartet hang seg opp. Kom litt forvirra ned på vegen igjen, og gjekk først til venstre for å sjekk om bilen stod der, så til høgre der han stod berre litt til høgre for der eg kom ned. Var gjennomvåt etter 4,8 km, 305 hm og 2 timar ute i vått terreng med lett regnvær mesteparten av turen. Var ikkje freista til å ta ein topp til som var planen, så det blei med denne eine i dag

User comments

  • -
    avatar

    Takk!

    Written by bakken59 06.07.2025 21:02

    Tja, ingen kjempetur akkurat, men veret var jo mindre enn ideelt. Fekk regnet i hovudet i dag også. Men så klarna det på toppen av Ishovden, som var ein veldig fin topp for øvrig!

  • -
    avatar

    Du er tøff!

    Written by LivogKristen 06.07.2025 08:29

    Gratulerer med å ha gjennomført tross mange hindringer. Da kan du krysse av enda en topp på lista di - en førstebestigning! Ikke gøy å gå i slikt vær.

    God tur videre. Nå ser det ut som godværet kommer fra tirsdag av.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.