Branntjernhøgda - siste 100 m pf i Oslomarka (22.03.2024)  4


Characteristic Cross-country skiing
Duration 3h 45min
Distance 22.0km
Vertical meters 566m
GPS
Ascents Branntjernhøgda (641m) 22.03.2024

Flott vermelding, sol og varmt. Skulle hente dotter på Gardermoen så det passa fint å ta ein tur nord i Marka. Køyrde difor til Svartbekken og sikta meg inn på den siste toppen, nr 48, på Oslomarka 100 m pf. Hadde på bakgrunn av skituren dagen i forvegen smurt med raudt klister. Det var ikkje ideelt. Regnet vi fekk i Oslo hadde kome som snø på Svartbekken, og sjølv om eg hadde feste oppover, hadde eg supertrå ski som tenderte mot klabbing på veg opp til Snøploghøgda. Gjekk til Gjerdingsdammen, så Snøploghøgda og deretter litt rett fram før eg tok av ut i terrenget. Fann stort sett opne hogstfelt oppover før det blei litt tettare skog etter kvart. Det var greitt å gå, skare med nysnø, og eg sakk ikkje meir enn 5 cm nedi. Toppen var ikkje noko særleg, sol på eit ope berg, men ikkje utsyn sør og vestover, litt betre mot nordaust. Gjekk vel ein snarare trasé nedover og kom greitt inn på mitt eige spor før dei store hogstfelta.
Gjekk i 3 timar og 45 minutt, målte 22 km og 566 hm.
Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.