Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (19)
- Backcountry skiing (6)
- Randonnée/Telemark (13)
-
Trip by foot (28)
- Hillwalk (24)
Peakbook-Friends
Snøhetta
- Date:
- 13.08.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:34h
- Distance:
- 14.7km
Årets familiefjelltur til Snøhetta.
Vi overnatte i telt en halv kilometer frå Snøheim. Dei minste var bekymra for moskusbesøk i teltet. Etter ei nokså kald natt, varma sola opp teltet før frukost. Turen til toppen gjekk fint for store og små.
Litt dramatikk vart det på tur ned når vi kjem til den gamle hytta der stigninga startar. Her har ei dame ramla i steinrøyse og fått hodeskade. Vi hjelper til å få bandasjert skada, og etter å ha vore i kontakt med AMK, blir det bestemt at ho skal hentast med helikopter. Nokre dagar etter at vi har kome heim att, får vi blomster på døra som takk for hjelpa. Det var ei triveleg helsing.
Vestre Skardstind
- Date:
- 01.08.2017
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:45h
- Distance:
- 13.9km
Målet for dagen var Skardstind. Det var brukbar vêrmelding denne dagen i ei elles dårleg vêrperiode. Men vêrmeldinga slo ikkje heilt til, og vi fekk både snø, vind og kuldegrader. Ambisjonane vart reduserte, og plan B vart ei runde på Dumhøe og Vestre Skardstind. Så får vi kome att ved eit seinare høve og fullføre resten av turen. Takk til Hans Morten for triveleg følgje!