Archive - Date
Archive - Activity
- Other trip (1)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
- Trip by foot (6)
Peakbook-Friends
Teigafjellet og Vikanipa
- Date:
- 25.05.2019
- Distance:
- 9.9km
Ny flott tur i Flora kommune. Trudde eg hadde ein lang tur til Teigafjeiiet. Då eg nerma meg Vasset, såg eg
at det burde gå an å komme opp rett mot toppen. Så dermed var det berre å gå på, og sjølv om det var bratt var
det ingen problem. Gjorde turen opp langt kortare. Vidare mot Vikanipa er det mykje vanskeleg terreng, men kom no ganske greit fram. Det begynte å trekke opp til regn, så utsikta var redusert. Seig unnabakke tilbake til bilen, via Vassetstølen.
Håsteinen
- Date:
- 20.05.2019
- Distance:
- 12.7km
Flott tur i sommerværet. I Store Høydalen er det komme opp skilt om privat veg, så parkering må skje ved
riksvegen. Dryg anmarsj opp dalen til elva oppe i dalen. Tok nordover under fjellet, og opp skåra. Litt luftig ein plass, men heilt greitt. Turkameratane tok ein avstikker til Høydalsnipa, eg tok strake veien til Håsteinen. Lett og fint å gå oppe i høgda. Og veldig tørt og fint etter den flotte våren vi har hatt. Uvanleg å kunne gå opp til nesten 1000moh, utan snø på denne tid.
Flott utsikt frå toppen i alle retningar. Litt i tvil om høgste punktet er der varden står. Retur samme vegen i flott kveldskurs.
Siste i Bergen
- Date:
- 13.04.2019
- Distance:
- 4.4km
Flott avslutning til Skåldalsfjellet. Parkerte ved Osavatnet, og fulgte veien opp, nesten til gardane. Tok oppover bøen, og litt på traktorvei. Vidare oppgjennom skogen, før eg var oppe forbi skoggrensa. Greit å gå heile vege mot toppen. Nydeleg utsikt i dag, nordover mot Sogn og Stølsheimen, over mot Gullfjellstoppen, og sørover mot Fana.
Retur via Minnedalen.
Moldetur
- Date:
- 31.03.2019
- Distance:
- 6.6km
To kursdagar i Molde må nyttast. Kommunetoppen i Aukra var målet, sjølv om veiret ikkje var det beste. Litt
nysnø i starten, som vart til litt fonner oppe på fjellet. Skikkeleg haglbyge på toppen, så brydde meg ikkje om varden lenger vest.
Eggja
- Date:
- 17.03.2019
- Distance:
- 2.9km
Utsikt mot Florø og øyane i vest.
Mot Alden.
Kjørte forbi siste husa i Sandvika, og inn på skogsvegen. Og den var fin å køyre til endes.
Hadde tenkt å gå opp ryggen rett nord for der eg parkerte, men gjekk for langt aust. Så det vart ein
del klyving opp gjennom nokre skårar, før det flata litt ut. Greit siste stykket mot toppen. Flott utsikt mot
byen i vest, og hav og øyar mellom Bulandet og Bremanger.
Tilbake fant eg rette stien, eit hjortetrakk som førte meg rett mot bilen.
Så bar det vidare til Seljeset, og dagens andre topp.

