Archive - Date
Archive - Activity
- Other trip (1)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
- Trip by foot (6)
Peakbook-Friends
Utvær
- Date:
- 11.08.2024
- Distance:
- 3.0km
Fantastisk tur til Norges vestligaste fyr, ute i havet vest om Solund.
Med turlaget, og båt frå Rysjedalsvika.
Veiret vart etter kvart fint og varmt.
Eigen guide rundt om på øya, og opp i fyret.
Èin minnerik dag i havgapet.
Søgnesandnipa
- Date:
- 02.08.2024
- Distance:
- 11.1km
Kjempetur på Søgnesandnipa(1548 moh) i Sunnfjord kommune.
Halve familien vart med. Tøft opp Lundeskardet, som er rekna som landets bratteste DNT sti.
Flott då vi var ferdige med den bratte stigninga, på èin nydeleg dag. Gjekk opp på Tuva, før siste oppstigninga. Oppe på kanten lett terreng utover til varden. Jostedalsbreen i aust, og Grovabreen i vest, og ellers fjell over alt. I tillegg utsikt rett ned til Lunde, og utover Jølstravatnet.
Èi påkjenning for knea nedigjen Lundeskardet, men alt i alt høydepunktet så langt i sommar.