Reksta på langs (25.06.2025)
Ascents | Indre Rekstafjellet (173m) | 25.06.2025 09:37 |
---|---|---|
Midtre Rekstafjellet (166m) | 25.06.2025 10:31 | |
Nordaust for Harefjellet (212m) | 25.06.2025 11:53 | |
Harefjellet (220m) | 25.06.2025 12:08 |
Bestilte båtslipp kvelden før. Det enda med ekstratur med innleid båt, og heilt gratis. Dagens båtar er for store til å gå oppunder i Selvågen.
Rusla over eit beite, og vidare slakt oppover mot første toppen. Vidare gjekk det sikkert
for langt nord. Vart litt fuktig myr nedover. Rett etter start møtte eg dagens einaste turgåar.
Ho var ute etter å samle turboen, 64 toppar rundt Florø.
Frå Vasslifjellet var det skilta mot Djupedalen, som viste seg å vere rett veg til starten mot siste målet. Litt høg vannstand i eit tjern stien gjekk forbi, så meir vatn i skoa.
Starta litt feil mot Harefjellet, men tok det fort inn igjen. Var oppe på toppen nord for Harefjellet, før eg kryssa over demninga til vassverket, og opp på toppen.
Dette var dagens høgdepunkt, med flott utsikt, til tross for litt dis.
Kinn rett i vest, og i nord likkje og store Batalden, bak Skorpa.
Til slutt bratt ned mot Rognaldsvågen, der eg blei møtt av søskenbarn Janne.
Perfekt når det var to timar til båten gjekk tilbake til byen.
User comments