Archive - Date

Collected lists

Fløtatinden

Date:
01.04.2023
Duration:
5:15h
Distance:
14.8km

Storslagne forhold på Fløtatind! Tørr og fin snø frå toppen, og solvarma slush gjennom skogen på returen.

Map    

Mohaugen

Date:
31.03.2023
Duration:
4:07h
Distance:
14.5km

Starta mot Dronningkrona, men med dårlege snøforhold og stri vind opp mot Sandvikhaugen gjorde vi endereis og la turen til solsida opp mot Mohaugen. Finfin køyring på god snø nedatt derifrå.

Map    

Grånebba

Date:
30.03.2023
Duration:
3:09h
Distance:
11.7km

Puddersnø, sol og kald vind. Fenomenal utsikt mot kjente Trollheimstoppar.

Map    

Svorundfjellet og Roksdalskammen

Date:
26.03.2023
Duration:
3:25h
Distance:
12.5km

Rundtur med utgangspunkt fra Klevgardan. Gradvis meir skyar og vind, men likefullt ein fin variant i Oppdalsfjella

Map    

Romsdal Rando

Date:
25.03.2023
Duration:
3:08h
Distance:
22.1km

Heftig arrangement i heftig terreng. Via ferrata langs Romsdalseggen, lange og mange motbakkar og flotte forhold.

Map    

Mannfjellet

Date:
11.03.2023
Duration:
1:14h
Distance:
8.3km

Tur til Mannfjellet for å rekognosere løypa til morgendagens norgescuprenn (som skulle vise seg å snø bort)

Map    

Stortuva

Date:
11.09.2022
Duration:
1:55h
Distance:
14.5km

Klassikerøkt med klassikerutsikt. 10 x 6 min - lettvint og effektivt fra hyttedøra

Map    

Skrommelnebba

Date:
10.09.2022
Duration:
4:23h
Distance:
11.0km

Ein sjeldan fin haustdag vart nytta til å besøke Skrommelnebba for første gong. Sånn heilt passe bra veg siste biten opp til parkeringa, men start på knappe 500 moh gjorde jobben vidare enkel. God sti og god merking heilt til topps var langt meir enn vi hadde venta oss - ein særdeles fin tur med fenomenal utsikt frå toppen.

Map    

Ein heildag i Innerdalen

Date:
05.09.2022
Duration:
11:24h
Distance:
39.5km

Komplettering av Smultringer i Trollheimen Siste innsats på eit prosjekt som har gjeve storslagne turopplevingar og minne for livet dei siste åra. Etter å ha besøkt toppar som Honnstadknyken og Snota i barndomsåra var det ikkje først og fremst ferdsel i Trollheimen som prega åra vidare gjennom oppveksten. Først i godt vaksen alder vart fjellivet henta fram som fritidsaktivitet, først og fremst med ski på beina vinters tid, men og som treningsarena, etterkvart som løping i terrenget vart ei interesse. Samlinga av listetoppar starta for alvor ein seinsommardag i 2019, etter å ha hengt på Simen over skoddelagte og lite besøkte toppar i Todalsfjella. Etter det har kartet over Trollheimen vorte studert mang ein time, og turplanlegginga har på mange måtar vore minst like givande som sjølve gjennomføringa. Samlinga >>>

Map     4 comments

Hesten, Tritindan og Sandvikhaugen

Date:
31.08.2022
Duration:
8:57h
Distance:
20.0km

5 grader på parkeringa i Nerdalen og antydning til ståpels på leggen nedunder shortsen. Årstid: Hausten. Turmål: Hesten. Denne hadde vi prata om lenge, og no hadde vi endeleg fått plotta inn ein finversdag i kalenderen. Snaut med informasjon å finne om denne toppen, og enda mindre å finne om ruteføring opp. Eit slør av mystikk gjorde dermed eventyrlysta desto større, og dagens turfølge på to passasjerar tek samfunnsoppdraget sitt på alvor. Her var det berre å ta saken i eigne hender og få lagt eit GPS-spor fortast råd. Innover Grasdalen til Viromsetra, og deretter opp ryggen, der småbjørk og myr etterkvart vart til stein. I prosessen med å forsere småbjørk fekk vi oss ei overrasking da ei elgku plutseleg spratt opp av kjerret ein timeter framfor oss. Ho såg minst like overraska >>>

Map