Archive - Date










Favourite trips
Favourite peaks
Folddalen
- Date:
- 21.09.2019
- Duration:
- 5:28h
- Distance:
- 28.7km
Når ein i det små har starta samlinga av smultringar i Trollheimen er det mange å velge mellom. Etter ein uversperiode der ein i sitt stille sinn lurte på om det nokon gong ville bli opphaldsver igjen vart det endeleg gjensyn med sola.
Starta tidleg frå Trondheim i gråver og duskregn, men med lovnadar frå statsmeteorologane om at sola skulle kome når ein nærma seg heimtraktene. Det stemte bra, og ved ankomst Gråsjøen var det berre å finne fram solbrillene (og ikkje minst vindjakka).
Lettløpt terreng og lettkjøpte smultringar i starten utvikla seg til å bli seigare etterkvart som kilometrane i lyng og myr rulla på. Tunge bein på siste del opp mot Tindfjellet, og sannsynlegvis ikkje det beste rutevalget nedatt, men snø uten bæreevne og halvglatte sva gjorde sitt til at det vart >>>
Grøvelnebba om Mohaugen
- Date:
- 10.08.2019
- Duration:
- 7:42h
- Distance:
- 16.3km
Ein vindfull seinsommardag til ein av mange utsiktstoppar rundt Sunndalsøra. Opp Dalsbølia på god sti, deretter vestover og opp til Mohaugen før vi runda på vestsida av Grøvelnebba. Fin kliving siste biten til topps.
Rundt Nordåbotn
- Date:
- 09.08.2019
- Duration:
- 8:02h
- Distance:
- 23.9km
Vått og grått ved oppstart, og ikkje særleg bedring på veg opp til Skuggfjellet - god hjelp av GPS for å finne fram til topps. Skodda slapp gradvis meir og meir, og navigering på skjerm vart bytta ut med visuelle referansar. Fin rundtur på det som truleg er lite besøkte toppar i Todalsfjella.