Archive - Date

Collected lists

Store Trolla

Date:
15.08.2022
Duration:
4:57h
Distance:
12.6km

Førstereis til Trollheimens høgaste. Ein kan spørre seg kvifor ein ikkje har rota seg hit tidlegare... Ikkje rart at denne juvelen blir stadig meir populær som utfartsmål. Spektakulær utsikt i absolutt alle retningar, trass i litt truande skyer og ein del vind.

Map    

Frå Lønset til Gjøra

Date:
29.07.2022
Duration:
7:52h
Distance:
32.8km

Sten på sten med simenee (Simen Einmo Engdal) . Over det meste av toppar på ferda frå Lønset til Gjøra. Ikkje så mykje fint og løpbart terreng som vi hadde sett for oss, men utvilsamt meir fluer enn vi hadde håpa på. Lang og fin runde som vart avslutta med spektakulær utsikt frå Ekkertind, med påfølgjande løping på bratt og teknisk sti ned til Gjøra.

Map    

Stortuva

Date:
24.07.2022
Duration:
2:08h
Distance:
15.7km

10 x 6 min opp til Stortuva frå sjøkanten

Map    

Besseggen

Date:
22.07.2022
Duration:
3:19h
Distance:
14.9km

På bjergvandring saman med store deler av Danmarks befolkning i godveret. Lett å forstå kvifor folk går i kø over her på slike dagar!

Map    

Nibbeløpet

Date:
11.06.2022
Duration:
1:52h
Distance:
20.8km

Spektakulær og seig halvmaratontrasé frå Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba. Flott arrangment og god bra heiagjeng i form av bobilturistar heile vegen til topps. Lot ein ikkje heilt ukjent spanjol og reten av teten gå frå start og prøvde å finne eit leveleg tempo opp lia. Enda opp med å springe åleine heile vegen, og måtte kjempe hardt i motvinden før Djupvasshytta. Fekk plukka ei passering ein kilometer før mål og kom inn godt under målet på to timar. Hadde håpa på Topp 10, men mange sterke karar framfor sette ein stoppar for det. Får vel berre trene meir til neste år...

Map    

Stortuva

Date:
08.06.2022
Duration:
2:30h
Distance:
15.1km

Intervallbasert utfart frå fjord til fjell

Map    

Søre Grøvelnebba og Dronningkrona

Date:
07.06.2022
Duration:
5:37h
Distance:
20.4km

Ettermiddagstur på ein varm og fin junidag. Første besøk på Søre Grøvelnebba, og deretter over dalen til Dronningkrona. Relativt begredeleg skiføre både oppover og nedover - marginalt betre glid utan feller på... Heilt åleine til fjells i dag.

Map    

Dronningkrona

Date:
31.05.2022
Duration:
6:22h
Distance:
16.7km

Map    

Neådalspiken, Neådalssnota og Storbekkhøa

Date:
22.05.2022
Duration:
5:44h
Distance:
27.5km

Komplettering av Topper i Surnadal ≥ 100m pf. Utfart av typen "planlagt impulstur" denne søndagen. Neådalspiken har vorte ståande som den siste som mangla i samlinga over toppar på "Surnadalslista". Med innlosjering på Oppdal og ei vermelding som plutseleg endra seg frå ganske trist til ganske bra, vart det (litt overraskande) muleg med ein tur for å få fullført lista. Neådalspiken har ved fleire anledningar vorte passert på tur til og frå Neådalssnota, enten på grunn av tvilsomme snøforhold, store skavlar eller rett og slett på grunn av at turen har vore lang nok utan ytterlegare tilføyingar. Ruteføringa opp langs ryggen på sørsida var av relativt bratt karakter, men ikkje verre enn at det gjekk godt med ski på. Siste biten mot Neådalspiken N vart unnagjort med skia på sekken >>>

Map     2 comments

Dronningkrona

Date:
17.05.2022
Duration:
6:17h
Distance:
17.1km

Dronningkrona på nasjonaldagen. Rikelig med norske flagg og turfolk ute i godveret, der dei fleste fekk ei strabasiøs ferd til toppen på hardt og isete føre tidleg på dagen. Betydeleg mjukare snø og god mai-forhold på heimvegen.

Map