Archive - Date










Favourite trips
Favourite peaks
Rundtur frå Ottem
- Date:
- 04.08.2021
- Duration:
- 10:03h
- Distance:
- 30.7km
Eit par dagar turnusfri i august opna for ein kort og kortreist bobilferie saman med likesinna simenee (Simen Einmo Engdal) i Sunndal- og Oppdalsfjell. Første post på programmet var transport til Sunndalsøra, før Klingfjellet og ein handfull andre toppar skulle utforskast dagen etter.
Forventingane våre til stien opp frå Ottem var særdeles låge, og vi vart dermed overraska av å finne raudmerking opp skogen til demninga. Med unntak av ein god dose flått, så var det på grensa til gjestmildt terreng, og høgdemetrane vart forsert enklare enn vi hadde sett for oss.
Etter å ha kryssa demninga og traska inn dalen langs raudmerkinga om lag ein kilometer la vi ruta bratt opp mot Klingfjellet - her var det stort sett lyng og stein før vi kom opp på sjølve ryggen. Deretter i meir inspirerande terreng til toppen, der >>>