Archive - Date

Collected lists

Smisetnebba

Date:
30.04.2021
Duration:
3:08h
Distance:
9.1km

Ettermiddagsutfart til Smisetnebba i håp om å sleppe unna det varsla gråveret. Mykje av og på med skia før vi etterkvart fann sammenhengande snø, og peila oss inn mot toppen via "botnen" på sørsida. Gradvis meir og meir tilskya, og tett som bomull ved varden på toppen. Såpass dårleg sikt og flatt lys at det var krevande nok å kome seg nedatt. Rein navigering via GPS langs ryggen ned frå toppen, og ei grei påminning om at det kan være bra å stille førebudd også på relativt korte turar. Defintivt ei nedkøyring med stort potensiale dersom sikt og snø skulle spele på lag - fortrinnsvis litt tidlegare på sesongen.

Map    

Fløtatind, Henrikbotnnebba og Litjskjorta

Date:
29.04.2021
Duration:
5:42h
Distance:
20.3km

Ein av årets aller finaste turar i uvanleg god aprilsnø. Fenomenalt skiføre overalt, og spesielt bra over tregrensa. Dagens første stopp vart Fløtatind, før turen gjekk vidare opp langs ryggen på Henrikbotnnebba - her låg det framleis godt med snø, men ikkje verre enn at vi kom oss fram med skia på sekken. Deretter i ferdigtråkka spor til Litjskjorta og vidare i tørrsnø ned Kannsdalen. Premium-rundtur, premium-landskap og premium-snø. Så bra som det kan bli!

Map    

Dronningkrona

Date:
28.04.2021
Duration:
6:44h
Distance:
19.5km

Godt ver og framleis tørr snø - da er Dronningkrona eit godt turmål. Tilskyande etterkvart som vi nærma oss toppen, så utsikta vart litt skjemt for dei to i turfølgjet som var førstegongsbesøkande på toppen. Skylaget letta etterkvart såpass at vi bestemte oss for å prøve nedkøyringa frå toppen mot Sandvikdalen. Tørr og uspora snø med Sunndalsfjorden i bakgrunnen gjorde det til ein spektakulær nedfart i storslagent terreng. Vi peila oss etterkvart inn på høgspenttraséen og labba tilbake i retning oppoversporet. Deretter gjekk vi litt skrått opp i "800-metersbakken" før vi slapp oss ned i dalen og manøvrerte oss ned langs kraftlinja heilt ned i Viromdalen

Map    

Dronningkrona og Mohaugen

Date:
26.04.2021
Duration:
6:49h
Distance:
26.9km

Blåmåndag! Kanskje den finaste skidagen så langt i karrieren. Sjelden kombinasjon av store mengder tørrsnø, april-varme og vindstilt gjorde dette til ein måndag for historiebøkene. Eit par rundar opp og ned "langbakken", i tillegg til ein sving innom Mohaugen på heimveg.

Map    

Strengen

Date:
25.04.2021
Duration:
3:08h
Distance:
10.1km
Map    

Gjevillvatnet rundt

Date:
20.04.2021
Duration:
13:09h
Distance:
76.3km

Værmelding, skiføre og avspasering frå jobb. Da skulle det meste liggje til rette for ein heildag i fjellet. Med innlosjering på Oppdal var det berre å sette vekkarklokka til noko som ligna på midt på natta og få lada batteria. Sterkt inspirert av JoSo sin klassiker-tur kan ruteføringa best beskrivasst som ein skamlaus kopi. Ingen vits i å skulle finne opp krutet på nytt når fagfolk har gjort grunnarbeidet - runden i seg sjølv er krevande nok utan å skulle drive nybrottsarbeid i tillegg. Første besøk med ski på både Gjevillvasskammane og Blåhø gjorde turen litt ekstra minneverdig. Makalaust flott utsikt mot snødekte toppar både i Storlidalen, Innerdalen og på heimlege strøk i Surnadal. Tilskyande ver, stri vind og blaut, treig snø gjorde turen frå Blåhø og søraustover til ein langdryg >>>

Map     14 comments

Trolltind og Ryssdalsnebba

Date:
18.04.2021
Duration:
5:55h
Distance:
19.0km

Tilnærma klipp og lim frå gårsdagen, både med tanke på verforhold og turfølge. Todalen vart bytta ut med Jordalsgrenda, og vi fekk avlagt ein visitt både på Trolltind og Ryssdalsnebba. Der vi i går var bortimot for oss sjølv til fjells var dagen i dag den rake motsetninga - lassevis av folk i alle himmelretningar. Nok ein fenomenal dag i minneboka!

Map    

Rambjøra

Date:
17.04.2021
Duration:
7:45h
Distance:
17.4km

Bingo på samtlege rekker med helgas vervarsel! Shorts og t-skjorte vart dagens arbeidsantrekk for opptil fleire i turfølget, og Rambjøra vart turmålet. Vi slo etterkvart leir i solsida litt nedunder toppen, og bevilga oss nokre ekstrarundar opp og ned denne sida, kun avbrutt av inntak av Real Turmat. Ein strålande dag i nærmest folketomme Todalsfjell medan lovens lange arm skreiv ut forelegg og taua bilar i Viromdalen, berre nokre solide steinkast unna.

Map    

Syltnebba

Date:
16.04.2021
Duration:
1:06h
Distance:
6.2km
Map    

Strengen

Date:
16.04.2021
Duration:
1:51h
Distance:
7.8km
Map