Archive - Date










Favourite trips
Favourite peaks
Trollhetta via sørøstryggen
- Date:
- 12.08.2020
- Duration:
- 5:43h
- Distance:
- 35.2km
Ferieveret kom i god tid etter at ferien var over i år, så da gjeld det å nytte timane mellom arbeidsdagane godt - når ein har skiftarbeid og turmotivasjonen er på topp, så er det utruleg kva ein får tid til. Skodda som låg i Trondheim letta gradvis på tur inn til parkeringa på Kleiva, og den varsla vinden var det heller ikkje mykje å sjå til. Det var faktisk heilt dødt i bakken, som det heiter på hoppspråket. Like greit, eg hadde ingen planer om å setje bakkerekord uansett. Ein lang og forsøksvis roleg løpetur var det som stod på plana, og eg hadde skjønt det slik at mykje av terrenget til topps skulle vere løpbart, i alle fall om ein ikkje er redd for stein.
Oppe på Langfjellet var det ein litt kjøligare trekk, men framleis ikkje den store oppdrifta, for å halde fram >>>
Storlifjella og Mellomfjella
- Date:
- 10.08.2020
- Duration:
- 9:48h
- Distance:
- 52.6km
Kaffe og havregryn til frukost medan sola fann vegen over Gjevilvasskammane. Ein kjølig morgon etter klårversnatta, men likevel ingen tvil om at dagens uniform skulle bli stuttbrok og korterma, for det var ikkje ein sky å sjå.
Starta dagen med å svinge nedom Vassendsetra, sidan eg ikkje hadde vore der før. Eit telt og nokre sauer hadde innteke setervollen med flott utsikt mot Gjevilvatnet. Kvikksølvet på veggen viste fire grader i sju-tida - strålande forhold for korterma! Vidare oppover Hyttdalen og etterkvart til Hovmannshytten.
Herifrå gjekk det slag i slag med Storlifjell av ymse utgavar. Hadde håpa på meir lettløpt terreng, men timane gjekk med til å forsere steinur i staden. Utsikta var det likevel ikkje noko å seie på, med nye og litt uvante vinklar til majestetiske Snota >>>
Hyttdalskammen
- Date:
- 09.08.2020
- Duration:
- 1:55h
- Distance:
- 9.1km
Ein kveldstur frå teltplassen på Måssåhaugen. Spektakulær utsikt til Neådalssnota i solnedgangen.
Bårdsgardskammen
- Date:
- 09.08.2020
- Duration:
- 2:15h
- Distance:
- 8.4km
Ein innhaldsrik transportetappe opp til Måssåhaugen for å slå leir for natta og posisjonere seg for morgondagen. La att storsekken ved stiskillet og svinga oppom Bårdsgardskammen på vegen - deretter langs stien mot Vassendsetra før eg tok av over myrene mot kveldens teltplass.
Ganske så plutseleg dukka ein hjort opp berre 20-30 meter frå meg. Vi stod og kika litt på kvarandre før vi begge fann ut at det var på tide å gå kvar til sitt. Rakk aldri å få opp kameraet før det var for seint. Med det same hjorten forsvann la eg merke til at eg stod midt i eit oransje hav - ei moltemyr der det bugna av modne bær. Bruka litt tid her for å plukke med meg kveldens dessert.
Deretter var det tid for å få opp teltet. Tomt med utsikt til Gjevilvatnet treng ikkje vere så dyrt!
Gjevilkasskamman
- Date:
- 01.08.2020
- Duration:
- 9:56h
- Distance:
- 26.6km
Full klaff med godver og helgefri! Camping på Rauøra og deretter ein lang dag over alle Gjevilvasskammane. Med sand mellom tærne etter natta starta vi dagen med fem tilnærma flate kilometer inn til Rensbekksetra. Deretter på god sti opp til Rensbekktjønna og vidare opp ura til Midtre Gjevilvasskam. Herifrå i artig terreng for armer og bein opp til Store Gjevilvasskam, som tydelegvis heiter Midtre, i alle fall om ein skal tru på boka på toppen (og det skal ein vel).
Deretter vidare i usedvanleg lettgått høgfjellsterreng som minna om ei blanding av betong og teppegolv via Indre Gjevilvasskam og til Nordre. Nokre telemarksvingar utan ski nedover snøfonna, ein litt seig motbakke, og vipps, så var vi på Hemre. Her innvilga vi oss ein god pause med både varmmat og utsikt mot ein av >>>