Archive - Date

Collected lists

Rundtur frå Klevgardan

Date:
07.05.2020
Duration:
8:01h
Distance:
40.6km

Nokre nye, og nokre litt meir kjende toppar på ein dag med "fegt flatt lys", som lokalbefolkninga ville sagt. Alldeles håplaust å sjå om det var flatt, unnabakke eller motbakke, så det gjekk med litt ekstra tid til navigering ved hjelp av teknologiske nyvinningar for å vere på den sikre sida. Innvilga meg eit par litt lengre pausar på nokre av toppane sidan det såg ut som sola kunne bryte gjennom, men innsåg etterkvart at det vart bortkasta tid. Dermed gjekk det smått i unnakøyringane på ein maidag der det faktisk var tørrsnø å finne i fjellet - vinteren tek visst ikkje slutt med det første. Ikkje eit einaste menneske å sjå, og knapt ein lyd å høyre på ein temmeleg vindstille dag til fjells.

Map    

Vest for Skarvatnet

Date:
04.05.2020
Duration:
5:44h
Distance:
29.4km

Ein rundtur som eg i utgangspunktet hadde tenkt å "spare" til sommars. Men med ein sommar som i høgste grad let vente på seg, så vart fristelsen til skitur for stor. Det vart likevel mykje av og på med skia, ettersom dei fleste av dagens besøkte toppar var blåst snaue for snø. Truleg ikkje den mest spektakulære rundturen ein kan finne i området, men særdeles bra avkastning på lista over smultringar i Trollheimen . Varierande verbruk og vedvarande vind, men gjekk klar av dei verste bygene. Tidvis dårleg sikt og flatt lys gjorde at unnabakkene til tider ikkje gjekk så veldig mykje raskare enn motbakkene, men mot slutten av turen klårna det opp litt, slik at det vart litt skikøyring og.

Map