Archive - Date

Collected lists

Fløtatinden

Date:
20.05.2020
Duration:
6:50h
Distance:
17.1km

Alldeles formidabel dag på Fløtatind. Ein ekstrarunde på toppflanken i deilig tørrsnø.

Map    

Strengen

Date:
19.05.2020
Duration:
2:24h
Distance:
10.0km

Ettermiddagsutflukt for å finne tørrsnø. Labba opp i regn som gradvis vart til snø, og like før toppen vart det sanneleg sol. Såpass bra forhold at det vart ein ekstrarunde frå Klåberget. Gradvis dårlegare sikt på tur opp, før det vart totalt grått. Venta lenge i håp om at det skulle lysne igjen, men gjekk lei og sklei sakte nedatt i blinde langs spora frå i stad.

Map    

Korgtjønntangen og Okla

Date:
18.05.2020
Duration:
3:50h
Distance:
12.7km

Trødde rett ut av bilen og inn i skibindingane på parkeringa i Dalen, og samtidig gløtta sola fram. Varmt og vindstille oppgjennom skogen, men det gjekk i høgste grad over da vi nærma oss Korgtjønntangen. Veret veksla fort og sikta kom og gjekk. Like før varden på Okla såg vi absolutt ingenting, men det letta heldigvis litt før vi tok fatt på vegen nedatt. Særdeles fin tørrsnø over skoggrensa!

Map    

Roksdalskammen

Date:
17.05.2020
Duration:
2:07h
Distance:
6.0km

Tur frå Klevgardan på nasjonaldagen. Snudde litt før "flata" til toppen - snødrev, vind og dårleg sikt.

Map    

Rundtur frå Klevgardan

Date:
07.05.2020
Duration:
8:01h
Distance:
40.6km

Nokre nye, og nokre litt meir kjende toppar på ein dag med "fegt flatt lys", som lokalbefolkninga ville sagt. Alldeles håplaust å sjå om det var flatt, unnabakke eller motbakke, så det gjekk med litt ekstra tid til navigering ved hjelp av teknologiske nyvinningar for å vere på den sikre sida. Innvilga meg eit par litt lengre pausar på nokre av toppane sidan det såg ut som sola kunne bryte gjennom, men innsåg etterkvart at det vart bortkasta tid. Dermed gjekk det smått i unnakøyringane på ein maidag der det faktisk var tørrsnø å finne i fjellet - vinteren tek visst ikkje slutt med det første. Ikkje eit einaste menneske å sjå, og knapt ein lyd å høyre på ein temmeleg vindstille dag til fjells.

Map    

Vest for Skarvatnet

Date:
04.05.2020
Duration:
5:44h
Distance:
29.4km

Ein rundtur som eg i utgangspunktet hadde tenkt å "spare" til sommars. Men med ein sommar som i høgste grad let vente på seg, så vart fristelsen til skitur for stor. Det vart likevel mykje av og på med skia, ettersom dei fleste av dagens besøkte toppar var blåst snaue for snø. Truleg ikkje den mest spektakulære rundturen ein kan finne i området, men særdeles bra avkastning på lista over smultringar i Trollheimen . Varierande verbruk og vedvarande vind, men gjekk klar av dei verste bygene. Tidvis dårleg sikt og flatt lys gjorde at unnabakkene til tider ikkje gjekk så veldig mykje raskare enn motbakkene, men mot slutten av turen klårna det opp litt, slik at det vart litt skikøyring og.

Map    

Rundtur frå Folddalen

Date:
28.04.2020
Duration:
7:57h
Distance:
38.8km

Map    

Dronningkrona

Date:
26.04.2020
Duration:
2:51h
Distance:
14.6km

Ein aprildag med fantastisk bra skiføre og tidvis fantastisk dårleg sikt. Vi hadde håp om bingo etter å ha studert ei ganske sprikande værmelding, men måtte seie oss fornøgd med å finne vegen til topps i skodda. Fin temperatur, eit lite lag nysnø på fast skare og ikkjeeksisterande vind bidrog til at det likevel vart ein bra skidag for oss og resten av den temmeleg mannsterke troppen som fann vegen til Dronningkrona denne søndagen. På veg ned igjen letta det såpass at vi fekk brukbar køyring ned til bilen, om enn i ganske så dårleg lys. Mykje snø i fjellet gir håp om ein lang vårsesong med nye ekspedisjonar på jakt etter sola.

Map    

Dronningkrona

Date:
22.04.2020
Duration:
3:17h
Distance:
16.3km

Dagens andre utflukt - skal ein først samanlikne kremtoppar på ski, så er det mest rettferdig å gjere det når forholda er like. Litt mør etter Fløtatind-visitten, men ikkje verre enn at det var verdt å gi det eit forsøk med å halde farta oppe oppover lia. Som alltid ei storslagen oppleving å ta denne turen - utsikta mot Sunndalsfjorden gjer inntrykk kvar gong, sjølv for ein surndaling. Og når ein tippar over toppen og vinden mot all formodning stilnar, så finst det knapt finare plass å vere.

Map    

Fløtatinden

Date:
22.04.2020
Duration:
2:51h
Distance:
14.6km

Førstemann til topps på Fløtatind på det som utvilsamt må reknast som ein maksdag. Eit temmeleg solid utslag på euforibarometeret med noko som minna veldig om godt skiføre over tregrensa!

Map