Archive - Date

Collected lists

Rundt Naustådalen

Date:
19.08.2020
Duration:
9:55h
Distance:
42.9km

Start frå Kårvatn før sola hadde fått stått opp skikkeleg. Dagens prosjekt var ryggen nordom Naustådalen frå vest til aust, og deretter Naustådalen på retur. Om klokka ikkje gjekk alt for fort hadde eg eit håp om å få plukka med meg dei to toppane på Bollen i tillegg. Lettgått sti til Nauståsetra, deretter i tyngre terreng nordover mot Revholfjellet og Tydalsnebba. Frå Tydalsnebba og vidare austover var det akkurat så fint terreng som eg hadde håpa. I tillegg til ein lettløpt rygg var det også fleire snøfonner som gjorde jobben enda meir behageleg. Vel framme på Salen viste det seg at klokka ikkje hadde gått så fort som frykta. Det lova godt med tanke på å få med dei planlagte toppane på Bollen. Til trass for ein krevjande etappe frå Salen SØ mot Austre Salen vart >>>

Map     4 comments

Viromkjerringa og Bollknubben

Date:
18.08.2020
Duration:
5:57h
Distance:
23.7km

Ein bortimot skamlaus kopi av knappenålsjeger Engdal sin tur dagen før. Med heile dagen til disposisjon fekk eg forlenga runden vestover langs ryggen på Viromkjerringa. Første gong over denne ryggen for min del, og første gong opp frå aust. Ein skikkeleg godbit der ein fekk bruk for både armer og bein undervegs! Opp via Bollknubben for å få med seg litt listefyll, og denne toppen var nettopp det; listefyll. Stort sett bløtt og ikkje utprega lettgått, men til gjengjeld med Skarfjellet og Vinnumassivet som eit kledeleg bakteppe. Herifrå ned mot Veltet og vidare opp Viromkjerringa frå aust. Litt langdrygt før klivinga tok til, men derifrå var det ein einaste stor fest. Det skulle vise seg at knappenålsjegeren også er noko til vardebyggjar, og med fersk varding var det lett å finne vegen >>>

Map    

Blåhøa, Svarthamrar og Falkfangarhøer

Date:
17.08.2020
Duration:
5:04h
Distance:
30.3km

Fenomenal rundtur i fenomenalt ver! Via Kamtjønnkollen på tur til Blåhøa. Fann vel neppe opp krutet med å leggje ruta direkte opp frå sørvest, men det frista meir enn å returnere til stien. Fantastisk utsikt og ein lang pause på toppen, før turen fortsette via Svarthamrar og Falkfangarhøer. Sørvestover til Gravbekken på returen for å finne vatn i varmen.

Map    

Neådalssnota via vesteggen

Date:
15.08.2020
Duration:
12:28h
Distance:
31.6km

Tidleg start frå Kårvatn for dagens mannsterke turfølge - håpet var å kome seg på Neådalssnota medan det framleis var sol. Allereie før vi hadde kome oss ut av tunet og forbi låven på landets mest bortgøymde friluftsbutikk forstod vi at det toget var i ferd med å gå. Det som for eit kvarter sidan var blå himmel innover mot smørauget i Trollheimen var no i ferd med å bli til lågt skydekke og noko som minna meir om tjukk rømmegraut enn om smørauge. Veret får ein som kjend ikkje gjort så mykje med, så vi fann det likast å legge i marsj innover Naustådalen. Flott sti og forseggjort bru over Strankåa tok oss lett inn til Naustådalvatnet, der vi vada over utløpet og vandra i ovveraskande lettgått terreng over NV-toppen og vidare opp til V1. Muligens ein omveg på kartet, >>>

Map    

Trollhetta via sørøstryggen

Date:
12.08.2020
Duration:
5:43h
Distance:
35.2km

Ferieveret kom i god tid etter at ferien var over i år, så da gjeld det å nytte timane mellom arbeidsdagane godt - når ein har skiftarbeid og turmotivasjonen er på topp, så er det utruleg kva ein får tid til. Skodda som låg i Trondheim letta gradvis på tur inn til parkeringa på Kleiva, og den varsla vinden var det heller ikkje mykje å sjå til. Det var faktisk heilt dødt i bakken, som det heiter på hoppspråket. Like greit, eg hadde ingen planer om å setje bakkerekord uansett. Ein lang og forsøksvis roleg løpetur var det som stod på plana, og eg hadde skjønt det slik at mykje av terrenget til topps skulle vere løpbart, i alle fall om ein ikkje er redd for stein. Oppe på Langfjellet var det ein litt kjøligare trekk, men framleis ikkje den store oppdrifta, for å halde fram >>>

Map    

Storlifjella og Mellomfjella

Date:
10.08.2020
Duration:
9:48h
Distance:
52.6km

Kaffe og havregryn til frukost medan sola fann vegen over Gjevilvasskammane. Ein kjølig morgon etter klårversnatta, men likevel ingen tvil om at dagens uniform skulle bli stuttbrok og korterma, for det var ikkje ein sky å sjå. Starta dagen med å svinge nedom Vassendsetra, sidan eg ikkje hadde vore der før. Eit telt og nokre sauer hadde innteke setervollen med flott utsikt mot Gjevilvatnet. Kvikksølvet på veggen viste fire grader i sju-tida - strålande forhold for korterma! Vidare oppover Hyttdalen og etterkvart til Hovmannshytten. Herifrå gjekk det slag i slag med Storlifjell av ymse utgavar. Hadde håpa på meir lettløpt terreng, men timane gjekk med til å forsere steinur i staden. Utsikta var det likevel ikkje noko å seie på, med nye og litt uvante vinklar til majestetiske Snota >>>

Map    

Hyttdalskammen

Date:
09.08.2020
Duration:
1:55h
Distance:
9.1km

Ein kveldstur frå teltplassen på Måssåhaugen. Spektakulær utsikt til Neådalssnota i solnedgangen.

Map    

Bårdsgardskammen

Date:
09.08.2020
Duration:
2:15h
Distance:
8.4km

Ein innhaldsrik transportetappe opp til Måssåhaugen for å slå leir for natta og posisjonere seg for morgondagen. La att storsekken ved stiskillet og svinga oppom Bårdsgardskammen på vegen - deretter langs stien mot Vassendsetra før eg tok av over myrene mot kveldens teltplass. Ganske så plutseleg dukka ein hjort opp berre 20-30 meter frå meg. Vi stod og kika litt på kvarandre før vi begge fann ut at det var på tide å gå kvar til sitt. Rakk aldri å få opp kameraet før det var for seint. Med det same hjorten forsvann la eg merke til at eg stod midt i eit oransje hav - ei moltemyr der det bugna av modne bær. Bruka litt tid her for å plukke med meg kveldens dessert. Deretter var det tid for å få opp teltet. Tomt med utsikt til Gjevilvatnet treng ikkje vere så dyrt!

Map    

Gjevilkasskamman

Date:
01.08.2020
Duration:
9:56h
Distance:
26.6km

Full klaff med godver og helgefri! Camping på Rauøra og deretter ein lang dag over alle Gjevilvasskammane. Med sand mellom tærne etter natta starta vi dagen med fem tilnærma flate kilometer inn til Rensbekksetra. Deretter på god sti opp til Rensbekktjønna og vidare opp ura til Midtre Gjevilvasskam. Herifrå i artig terreng for armer og bein opp til Store Gjevilvasskam, som tydelegvis heiter Midtre, i alle fall om ein skal tru på boka på toppen (og det skal ein vel). Deretter vidare i usedvanleg lettgått høgfjellsterreng som minna om ei blanding av betong og teppegolv via Indre Gjevilvasskam og til Nordre. Nokre telemarksvingar utan ski nedover snøfonna, ein litt seig motbakke, og vipps, så var vi på Hemre. Her innvilga vi oss ein god pause med både varmmat og utsikt mot ein av >>>

Map     1 comment

Flånebba, Hufatet og Smisetnebba

Date:
19.07.2020
Duration:
4:27h
Distance:
22.8km

Raskt opp til Flånebba og vidare langs ryggen mot Hufatet. Deretter ned i Viddalen for å studere myra på nært hald. Bratt, vått og glatt rett opp mot Indre Nonshaugen, og deretter langs sjølve indrefileten - ryggen frå Smisetnebba sørover mot Flånebba.

Map