Archive - Date
                  
                  
                  
                  
                  
                  
                  
                  
                  
                  Favourite trips
Favourite peaks
Storlifjella og Mellomfjella
- Date:
 - 10.08.2020
 - Duration:
 - 9:48h
 - Distance:
 - 52.6km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Kaffe og havregryn til frukost medan sola fann vegen over Gjevilvasskammane. Ein kjølig morgon etter klårversnatta, men likevel ingen tvil om at dagens uniform skulle bli stuttbrok og korterma, for det var ikkje ein sky å sjå. 
 Starta dagen med å svinge nedom Vassendsetra, sidan eg ikkje hadde vore der før. Eit telt og nokre sauer hadde innteke setervollen med flott utsikt mot Gjevilvatnet. Kvikksølvet på veggen viste fire grader i sju-tida - strålande forhold for korterma! Vidare oppover Hyttdalen og etterkvart til Hovmannshytten. 
 Herifrå gjekk det slag i slag med Storlifjell av ymse utgavar. Hadde håpa på meir lettløpt terreng, men timane gjekk med til å forsere steinur i staden. Utsikta var det likevel ikkje noko å seie på, med nye og litt uvante vinklar til majestetiske Snota >>> 
                                    
Bårdsgardskammen
- Date:
 - 09.08.2020
 - Duration:
 - 2:15h
 - Distance:
 - 8.4km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Ein innhaldsrik transportetappe opp til Måssåhaugen for å slå leir for natta og posisjonere seg for morgondagen. La att storsekken ved stiskillet og svinga oppom Bårdsgardskammen på vegen - deretter langs stien mot Vassendsetra før eg tok av over myrene mot kveldens teltplass. 
 Ganske så plutseleg dukka ein hjort opp berre 20-30 meter frå meg. Vi stod og kika litt på kvarandre før vi begge fann ut at det var på tide å gå kvar til sitt. Rakk aldri å få opp kameraet før det var for seint. Med det same hjorten forsvann la eg merke til at eg stod midt i eit oransje hav - ei moltemyr der det bugna av modne bær. Bruka litt tid her for å plukke med meg kveldens dessert. 
 Deretter var det tid for å få opp teltet. Tomt med utsikt til Gjevilvatnet treng ikkje vere så dyrt! 
                                    
Hyttdalskammen
- Date:
 - 09.08.2020
 - Duration:
 - 1:55h
 - Distance:
 - 9.1km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Ein kveldstur frå teltplassen på Måssåhaugen. Spektakulær utsikt til Neådalssnota i solnedgangen. 
                                    
Gjevilkasskamman
- Date:
 - 01.08.2020
 - Duration:
 - 9:56h
 - Distance:
 - 26.6km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Full klaff med godver og helgefri! Camping på Rauøra og deretter ein lang dag over alle Gjevilvasskammane. Med sand mellom tærne etter natta starta vi dagen med fem tilnærma flate kilometer inn til Rensbekksetra. Deretter på god sti opp til Rensbekktjønna og vidare opp ura til Midtre Gjevilvasskam. Herifrå i artig terreng for armer og bein opp til Store Gjevilvasskam, som tydelegvis heiter Midtre, i alle fall om ein skal tru på boka på toppen (og det skal ein vel). 
 Deretter vidare i usedvanleg lettgått høgfjellsterreng som minna om ei blanding av betong og teppegolv via Indre Gjevilvasskam og til Nordre. Nokre telemarksvingar utan ski nedover snøfonna, ein litt seig motbakke, og vipps, så var vi på Hemre. Her innvilga vi oss ein god pause med både varmmat og utsikt mot ein av >>> 
                                    
Flånebba, Hufatet og Smisetnebba
- Date:
 - 19.07.2020
 - Duration:
 - 4:27h
 - Distance:
 - 22.8km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Raskt opp til Flånebba og vidare langs ryggen mot Hufatet. Deretter ned i Viddalen for å studere myra på nært hald. Bratt, vått og glatt rett opp mot Indre Nonshaugen, og deretter langs sjølve indrefileten - ryggen frå Smisetnebba sørover mot Flånebba. 
                                    
Valåsen og Litjåsen
- Date:
 - 17.07.2020
 - Duration:
 - 1:42h
 - Distance:
 - 15.4km
 
Mulvikknuken
- Date:
 - 15.07.2020
 - Duration:
 - 1:16h
 - Distance:
 - 6.9km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Truleg ikkje den beste tida på året for å ta seg til topps på Mulvikknuken, men etter å ha kika på denne toppen frå sambuarens hytte i fleire år var dagen no komen. Kanskje finst det ein slags sti frå der skogsvegen sluttar, men den kan eg med hundre prosent sikkerheit seie at eg ikkje fann. Ein kamp mot fluer og klegg oppover bregnekledd terreng vart premiert med ei formidabel utsikt. Den som tek seg hit for å plukke molt på myra nedunder toppen fortener kvart eit gram... Nedatt meir eller mindre same veg som eg kom, i alle fall så godt det lot seg gjere. 
 Finare å sjå på enn å gå på! 
                                    
Karihaugen og Gjersvollhaugen
- Date:
 - 15.07.2020
 - Duration:
 - 1:25h
 - Distance:
 - 7.6km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Slo følgje med brorparten av dei fastbuande fluene i Sunndal kommune. 
                                    
Trollhøttaeggen
- Date:
 - 14.07.2020
 - Duration:
 - 8:41h
 - Distance:
 - 21.0km
 
                                                
                                
                            
                            
                                                                                                                 Aldri før har ein Audi A7 vore nærmare Holtasetra enn sjåfør Lund sitt eksemplar denne føremiddagen. Etter å ha bomma litt med navigeringa ut frå startblokka (følg skilting mot "Bokk" for å krysse elva) fann vi etterkvart stien mot Trollhøtta, og tok oss til topps medan mørke skyer kom gradvis nærmare. 
 Vi gjekk heldigvis klar av dei verste bygene, og la i marsj over eggen (heller for seg sjølv på Trollhøtteggen enn i kø på Romsdalseggen!). 
 På austenden vurderte vi eit besøk på Pekhøtta, men hardpakka og lite gjestmild snø gjorde at vi la ruta rett ned lia mot vatnet. Dette vart ei strabasiøs ferd med glatte sva og bratte snørenner, men ned kom vi. Vidare ned i vått og sleipt terreng for til slutt å finne stien på austsida av elva tilbake til Holtasetra.