Setenuten (20.07.2024)
Ascents | Setenuten (1,487m) | 20.07.2024 |
---|
Me starta turen frå Eskjeflota ved gamlevegen over Røldalsfjellet. Kryssa over mot Grøndalen nord for Kvitenuten. Litt ufsete og kronglete å komma ned å kryssa over i øvste del av Grøndalen. Deretter nokså rett opp mot Setenuten. Me gjekk nokså "på tvers" av terrengformasjonane og folk som er kjende går nok ikkje denne ruta til topps, men det gjekk heilt greitt. Fin topp og flott utsikt. Tre av fire i turfylgje gjekk ned Grøndalen og like ned til bensinstasjonen ved E134 i Røldal. Sistemann same veg tilbake som me komfor å hente bil. Samla tid tur-retur Eskjeflota omlag 4 timar, litt lenger tid for dei som gjekk heilt ned til bygda.
User comments