Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Lundavarden i solsteiken, FLUUUUGA RAOOOO
- Date:
- 20.07.2016
Ostepopp og flugedrit.... Det var ein varm og stormfull aften, på morgonen bestemde me oss for å bestige mektige Lundavarden.... Det gjekk greitt so lenge me var i bilen, den blei parkert i ein skogsveg på veg opp i ein dal eg trur heiter Remmedalen. Så fort eg seig ut av bilen møtte ein flugekomitee meg, og eg forsto raskt at dei ville guide meg heilt opp. Turen gjekk først opp til ei sæter, ikkje veit ikkje eg ka den heitte, men då eg såg bakken eg skulle opp no så tenkte eg berre fytti helve.... Det var bratt, varmt og noko så inni satan med flugejævlar som snurra i og utafor skallen min. Eg gjekk raskt i sinne opp bakken, i håp om at trekk i høgare luftlag skulle jage flugene vekk, men nopes, dei berre formeira seg.... Ein veldig fin tur om ein kunne sett noko, men flugeskya >>>
Slepp å få propp i øyret her, Åsebønakkjen er besteget....
- Date:
- 20.07.2016
Ja dette var eit relativt enkelt kryss å få.... Vi pakka kidsa i bilen, staka ut kursen og parkerte på ein fin parkeringsplass i sentrum av Frislid-området(?) Det var ein fin tur for ungane, masse kongler og anna styr å leike med. Råsa var ikkje like tydeleg alltid, men det var ikkje krevjande å sjå kor vi måtte gå. Her er nok eit eldorado for blåbærplukkarar i august, men for meg som sjølverklært toppjagar, ja så er dette ein som berre må kryssast av og ferdig med det. Fint område på toppen for leik og matpause med kids er ein klar pluss. Vi returnerte med happy kids, og difor fann eg glede i denne. Ikkje noko treningsøkt for min noko korpulente kropp.....
Trollvassnyken check
- Date:
- 02.07.2016
Hola bandola :-) Ein finfin julidag som vi tolka som for varm til å vere nede i låglandet. Vi plukka oss ut Trollvassnykjen som eit passeleg mål for turen. 4 stk fylde opp bilen, og vi parkerte etter ein kort køyretur. Starten av turen gjekk opp i slakt terreng, fint og varmt, men så er det Stårheimsflugene dååå.... Dei virra rundt oss til vi hadde tusla oss godt oppi høgda, der kom det ein trekk og dei søkte ned att til neste turfølje dei kunne plage. Dette var ein strålande fin tur, ikkje for bratt og det var majestetisk å spasere på snøen i solsteiken i flotte omgivnadar. Når vi kunne sette oss ned ved varden på toppen var utsikta heilt enorm. Det var rett og slett pent, og nista blei teken inn med ro i sjela. Nedatt var det full rulle over snøen, deileg kjensle. Dette var >>>