Sendaren :-) Toppen av utsikt :-) (25.06.2016)


Map
Ascents Sagtennene (1,023m) 25.06.2016

Sandal-Aaland mountainklimbers toppar Høgefjellet...LÆTT :-)

Det mest krevjande her var faktisk å køyre opp til Flåkl....LOTSBERGSTØYLEN. Svingar og traktorar og smalt... Det var med tung pust vi parkerte og kunne samle oss om dagens oppgåve, 1022 moh. Vi tusla oppover og fekk ei svært god oppleving i det fine veret. Det er uansett ikkje det same å tusle på ein grusveg som det er å finne ei rås i skog og mark... MEN fint var det. Vi observerte fleire toppar i kring oss som vi trudde vi visste namnet på og skal bestige med litt tid. Vegen opp var fin å gå, jamn og ikkje dei heilt store utfordringane. Kjensla av å touche tårnet på toppen og skrive seg inn i boka var heilt ok, betre var det å nyte synet utsikta gav oss frå denne plassen. Spesielt innover mot Honndalen var det aldeles nydeleg. Vi kunne ha småjogga nedatt, men den eine av oss (nemner ikkje namn...) er litt seig i kroppen etter mykje motbakke opp. Vi fann att bilen på vakre Lotsstøylen, tok tre beroligande nervetablettar og sette mål om å kome oss trygt attende til hovudveien. Det gjekk bra, og vi er glade for å kunne setje kryss på Høgefjellet :-)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.