Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Arafjella frå Snørteland

Date:
04.03.2026

1 ½ time på fin tur i flott vårver; opp om Løkjen, ned om Reiarsvatnet. Såg eit ravnepar, nokre kvinand-par i Reiarsvatnet og skremde opp ein enkeltbekkasin.

Map    

Smørviknuten og Tyrvelinuten fra Råsehallet

Date:
28.02.2026

Til topps etter fjellrunden med familien og Pelle. Det var isete i løypa, men skaren bar veldig godt, så det var fint å gå på fjellski med kortfeller i terrenget.

Map    

Aust for Kreklingdyrflotte fra Råsehallet

Date:
27.02.2026

Til topps etter fjellrunden med familien og Pelle. Kjekt med den nye "bypassen" på løypa som avkorter fjellrunden ved behov. Denne dagen ble det nesten påskestemning med sol og stedvis le der vi var, men tette skyer låg like sør for oss.

Map    

Vardhusheia, Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen

Date:
24.02.2026

Første muligheten min til å prøva snøen i Jørpelandsheia måtte nyttast, og denne tirsdagen med god vêrmelding måtte det ein feriedag til. Me var over isen på Liarvatnet for tre veker sidan , men snøen som var komen der i mellomtida, hadde dessverre regna vekk. Sjølv om det truleg var trygg is ennå, blei turstarten lagt til Boremyr i Målandsdalen som så mange ganger før. Det var skiføre frå bommen på anleggsvegen, og på langfeller gjekk det radig på 50 min til demninga i Sagåna. Herifrå var det godt skiføre og heldigvis ikkje avblåst som sist , og dessutan skein sola gjennom eit tynt skyslør. Oppe ved Målandsvatnet var det snø på isen, og eg holdt meg langs land på vestsida. Dagens første mål var sjølvsagt favorittoppen Vardhusheia, og til topps brukte eg bare timen frå demninga, altså 1 time >>>

Map    

Storrinden fra Kokstad

Date:
21.02.2026
Map    

Røyningsbu på ski frå Hillesland

Date:
19.02.2026

Blå(time)kopi fra turen i går, men 10 min raskare pga. mine eigne spor. Tydeleg vindauke i kveld som varslar veromslag.

Røyningsbu på ski frå Hillesland

Date:
18.02.2026

Flott kveldstur idet den krame nysnøen gjekk over til skare. Fem år sidan sist det var like fine snøforhold i Karmøyheia, 1 time 20 min på tur.

Hilleslandhaugen fra Burmavegen

Date:
13.02.2026

Trimtur i snødrev nærast på trass, om lag 3 km og 50 min t/r Burmavegen.

Map    

Frå Forenesvatnet til Liarvatnet om Holma- og Øyavatnet

Date:
01.02.2026

Søndagen ved Forenesvatnet pakka me oss ut av hytta for retur kl. 1020. Den opphavlege planen om å gå over Målandsheia til Rv. 13 ved Boremyr vart skrinlagt, for me hadde bestemt oss for å nytta dei fine isforholda til ein meir uvanleg tur. Planen var nemleg å gå tilbake til utgangspunktet i Dalen via Holmavatnet, Øyavatnet, Nagatjødnane og Svortingsvatnet/Lågalia. Som tenkt, så gjort! Me kryssa Forenesvatnet og gjekk eit stykke nedover mot Grimsli før me følgte eit naturleg drag opp til stien langs Tverråna. Her var me oppom eit høgdepunkt før me tok oss vidare opp til Holmavatnet. Her etter ein times tid på tur, bles det ein kraftig austavind beint imot, akkurat som meldt. Her måtte óg kameraten gjera vendereis til hytta etter ein gjengløymt mobiltelefon, så me var to som rusla vidare >>>

Map    

Frå Liarvatnet til Svartavatnet om Forenes- og Longavatnet

Date:
31.01.2026

Endeleg – etter meir enn ein månad med mange minusgrader – var det trygt å gå på isen på Liarvatnet. Og med Jarle si hytte ved Forenesvatnet booka for helga, var det bare å legga ut på tur. Lørdagen sette me ein bil i Målandsdalen med plan om å avslutta der neste dag, og kjørte så rundt til Dalen. Det var meldt kaldt og fint vêr for helga, men kraftig austavind med både storm- og orkankast i høgda, så me var helst "rundkledde" ved turstart kl. 1020. Ein av oss nytta skeiser og to av oss broddar over vatnet, og det var ikkje fritt for at motvinden baud oss motstand. Det var óg tydeleg at isen innanfor Tunglandsneset var av det nye slaget – det er her inne vatnet er mest seinfrose. På Forenesvatnet var det inga tvil om at isen var både gammal og trygg, og ein >>>

Map