Archive - Date
Archive - Activity
Favourite trips
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favourite peaks
Middagsheia frå Rv. 13 ovanom Kilane
- Date:
- 21.10.2023
Etter den korte første turen til Fuglanuten kjørte me til Kilane og parkerte mellom dei to tunnelane for å få med oss Middagsheia. Igjen valde me ein låg topp denne svært vindfulle dagen med middelvind meldt over 20 m/s og kast godt opp på 30-talet. Ja, faktisk skulle det vera verst akkurat på denne tida, noko me fekk merka på tilbakevegen.
Traseen til topps gav seg sjølv, først bratt opp langs kraftlinja i Galtadalen, så til topps via Longedalen og ein liten fortopp. Nedanfor fortoppen, i Middagstjødna, er det forresten ein liten salamanderkoloni.
Som venta bles det kraftig på toppen, og me tok oss heilt vest på heiaplatået for å finna le til ein ny mat- og kaffipause med flott utsikt over Erfjord. På tilbakevegen same veg hadde vinden tatt seg kraftig opp, og me hadde han beint imot, så me ottast for >>>
Fuglanuten frå Grava/Hamratjødna
- Date:
- 21.10.2023
Dagens første tur gjekk til Fuglanuten, eit mål me valde fordi me ville ha godt le for den svært kraftige austavinden, i alle fall nede i skogen. Bonden me traff ved turstart gav oss óg eit godt tips om å følga traktorvegen og sti opp heile Hamradalen før me svingte austover og til topps. Dette for å unngå sjølve fjellryggen som er heller ulendt.
Og denne planen følgte me, med retur same veg. Inkludert ein god mat- og kaffipause vart det ein overraskande flott tur i dette ulendte terrenget, til saman 450 hm og 2 ½ timar i makeleg tempo. Ei eller fleire grå- eller grønspetter kvinka i Hamradalen, ellers lite liv å sjå.
Søthei frå Markosvatnet
- Date:
- 20.10.2023
Denne helga var det meldt uvanleg kraftig austavind i indre strøk, med middelvind over 20 m/s og kast godt opp på 30-talet. Me tok derfor turar etter veret og skrinla f.eks. tur til Svinstølnuten til fordel for Søthei som truleg ville vera godt under snøgrensa. Lenger inne viste det seg å vera snøbyger eller óg snøføyke denne dagen, så det var uansett eit godt valg.
Start frå Markosvatnet på snaut 400moh på traktorveg etter å ha studert ein spak tiur i vegkanten frå bilvinduet på veg opp. Traktorvegen og seinare sti førte oss til Ausekleivtjødna, men i ganske feil retning i forhold til turmålet. Ved tjødna tok me i nokså rett linje mot toppen, og stilaust via 4-5 relativt bratte stigningar kom me greit opp til den flotte utsiktsvarden på 860moh på bare 1 ¼ time.
Vinden >>>
Nonsnut fra E134
- Date:
- 09.10.2023
Finværstur på 1 ¼ time via det svært markerte og overgrodde skardet i øst. Fulgte relativt god sti til toppen av skardet og så bratt bushing til topps. Et godt tips er å parkere 250m lenger øst enn første parkeringsplass etter Torgilsholtunnelen og starte på god skogsveg derifra.
Torekovstølen og østaksla fra Løyning
- Date:
- 08.10.2023
Flott finværstur med Olaug, og en kjapp sving alene oppom den vardesatte østaksla (1116moh).
Skrumsnuten fra Vintertun
- Date:
- 07.10.2023
Fin tur i førsteklasses høstvær, første gang opp den markerte Vintertundalen som jeg har sett oppover så mange ganger fra E134. Såg to ryper oppunder toppen og eg spurvehauk som ble jaget av kråker da jeg kom tilbake til bilen. Om lag 11 km, 750 hm og 3 ½ timer på tur uten nærmere tidtakning.
Middagsnuten fra E134
- Date:
- 30.09.2023
Noenlunde opplett mellom bygene på Seljestad, denne regntunge siste septemberdagen.
Jendemsfjellet fra Jendem P-plass
- Date:
- 18.09.2023
Rask skumringstur, snaue 45 min opp og snaue 35 min ned, og da var egentlig lyset gått for kvelden på veg ned. Hadde med hodelykt, men unngikk akkurat å bruke den.
Frå Bratteli kai til Liarvatnet om Liaknuten
- Date:
- 17.09.2023
Startar ein turen frå kaien i Bratteli, må ein ikkje verta overraska av at det blir høgdemeter utav det, og – som navnet meir enn indikerer – høgdemeter av det bratte slaget. Eg har avslutta turar der på kaien tre ganger på 90-talet, men aldri starta derifrå. Når det i tillegg var 25 år sidan sist, var det sanneleg på tide. Denne flotte søndagen i september hadde me parkert ein bil ved Liarvatnet og bestilt billettar med rutebåten frå Oanes, og me såg fram til ein spennande tur gjennom Jørpelandsheia og området lansert som Preikestolen nasjonalpark.
Etter ein flott båttur langs nordsida av fjorden som eg hadde gleda av å gå langs for bare to veker sidan , landa me på den vesle kaien. Det var fullt av passasjerar på båten, som truleg skulle til Bakken og framfor alt Flørli, men me stod aleine >>>
