Frå Olavsbu til telt ved Gjendetunga gjennom Rauddalen (26.08.1992)
Seinsommartur i Jotunheimen 1992, dag 5
Etter langtur på 25 km frå Torfinnsbu dagen før, vart det ein svært roleg retur denne dagen i retning Gjendebu. Men med medbrakt telt som me ikkje hadde nytta sidan første natta på Bandet, valde me å ta ei natt ved Gjendetunga. Der var eg forresten over for mindre enn to veker sidan, og det er eit fint alternativ til normalruta mellom Olavsbu og Gjendebu.
User comments