Målandsheia på ski frå Målandsdalen (05.12.2023)


Flott tur frå Rv. 13 ved Boremyr, uvanleg mykje snø til å vera tidleg i julemånaden. Tung vassing på langfeller ein time opp til demninga i Sagåna. Minst 15 cm snø på traktorvegen, likevel såpass avblåst oppe på heia at skia skrapa nedi steinar både her og der. Det vart ikkje tid til å gå på Salane eller Bergeheia, men var oppom Målandsvatnet og Salaskardet, om lag 2 ½ timar på tur.

Ved Målandsvatnet som alt er islagt
Ved Målandsvatnet som alt er islagt
Ved Salaskardet med utsikt mot Grautabotn, Krunefjell og Reinaknuten bak til høgre
Ved Salaskardet med utsikt mot Grautabotn, Krunefjell og Reinaknuten bak til høgre
Førjuls julekort-motiv ovanom Boremyr
Førjuls julekort-motiv ovanom Boremyr

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.