Archive - Date
Archive - Activity
-
Bike trip (4)
- Bike trip - mixed (2)
- Bike trip - off-road (1)
- Bike trip - road (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
-
Other trip (1)
- Fishing (1)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (60)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (197)
- Alpine trip (2)
- Hike (114)
- Hillwalk (70)
- Walk (1)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Turlagstur, Middagshaugen, Årdalsnosi, Nosabøen
- Date:
- 02.07.2000
På tur med Årdal Turlag. 2. juli. Tippen-Nosabøen Turen starta frå “vasskummen” på Tippen i overskya, men varmt, fint ver. Me var 3 mannfolk og 2 spreke damer. Me gjekk opp bratta til Åsen, og vidare forbi det luftige Kleppurjuvet. Vidare omtrent loddrett opp til høgspentmasta på kanten av stupet. Deretter gjekk det i fint tempo opp til Middagshaugen, der me tok hovudrasten. Det var litt skoddedottar kring fjella den dagen så bileta vart ikkje så strålande som dei kunne ha vorte. Vegen vidare til Årdalsnosi gjekk òg greitt. Der møtte me skodda, men med kart og kompass kom me oss trygt inn på stien ned til Nosabøen. Derifrå var stien nedatt til vegen mest heilt attgrodd, så me rota litt att og fram, eller opp og ned, får ein seia. Me brukte dobbelt så lang tid som til >>>
Skitur Bjørnaholten, Skredenosi, Vedabakknosi, Åsete
- Date:
- 19.02.2000
Med Årdal Turlag på skitur Det var frammøte med privatbil ved Aosahytta på Seimsåsen. Veret var flott; klårt og stillt med - 10 grader C. Underleg nok var det berre 5 mannfolk inkl. turleiar som hadde lyst å gå denne turen, men me fekk oss ein uforgløymeleg dag ute i den flotte naturen. Skiføret var godt, og det var lett å ta seg fram. Frå Aosahytta gjekk me opp til Bjødnaholten og vidare til Skredenosi, der me hadde oss ein skikkeleg rast. Deretter gjekk turen over Vedabakknosi og vidare nedatt til Slettedalsvatnet. Så rett nedatt på Nystølen i herleg puddersnø. Deretter bar det flaksande nedatt til Åsetsvingen. Tyngste stykket var derifrå med skia på ekslene oppatt til bilane på Aosahytta. Turen tok ca. 5 timar. Johan Nes tok flotte bileter på turen. Sjå februarbilete >>>
Kolnosi-Nosabøen-Årdalsnosi-Kamben-Naddvik
- Date:
- 02.07.1995
KOLNOSTUNELLEN - NOSABØEN - ÅRDALSNOSI -KAMBEN - NADDVIK.
Turen starta med buss frå Øvre Årdal kl. 08.00 og frå Årdalstangen kl. 08.15. Kl. 08.35 la 7 spreke turlagsmedlemar i veg oppover den bratte stien som startar på Tangen-sida av Kolnostunellen.
Veret var lettskya og pent. Etter 20 minuttar var me i høgde med kraftlina og det vart ein liten stogg. Kl 10.00 var alle komne til Nosabøen, 475 m.o.h., der me skreiv oss inn i boka til støls- og topptrimmen.
Etter 20 min. pause med litt mat og drikka, var me atter på farten opp den bratte ryggen mot Øyestølen. Det var eingong ein støl her, og med litt fantasi, kunde me nok sjå at der eingong hadde vore ein mur bygd av menneskehender. Øyestølen ligg på ca 920 meter, og her er kvitlegga fin bjørkeskog. Me ser både Vikadalen, >>>