Archive - Date
Archive - Activity
-
Bike trip (4)
- Bike trip - mixed (2)
- Bike trip - off-road (1)
- Bike trip - road (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
-
Other trip (1)
- Fishing (1)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (60)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (196)
- Alpine trip (2)
- Hike (113)
- Hillwalk (70)
- Walk (1)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Horgi rundt
- Date:
- 25.06.2023
- Distance:
- 10.1km
Horgi rundt. Me var innom Feninga og Sjursete. Det vart lunsj på terrassen på Framigardsselet saman med eigaren Håkon. På Feninga stølte gardane og plassane på Seim-sida av dalen. På Sjursete var det bruka på Årebrusida som stølte. Rundt Horgi har me fin utsikt til nokre av nundalsstølane, mellom anna Voss, fjellstølen til Torpen, Bakken som var vårstølen til Torpen, Odden som var vårstølen til Haugstad, og Ormesete som var fjellstølen til Haugstad. Bakken og Odden ligg på kvar si side av Ormesetelvi. På Ormesete står berre tuftene att. Den store kvemuren er godt synleg høgt oppe, tvers over dalen.
Heile runden er godt og vel 10 km og det er god sti. Myrane står kvite av molteblomst, og med dette veret ser det ut til å verta eit godt molteår.
Kvithovd
- Date:
- 28.05.2023
- Distance:
- 5.4km
I dag gjekk turen til Kvithøvd. Ein “snaopen” tur på knappe 6 km t/r. Det som undra oss då me kom opp, var at det sto eit stort hus nesten på toppen. På google fann Karin ut at det var eit gamalt turisthotell frå 1800-talet, nedlagt i 1929. Kvithøvd kan skryta på seg å vera eit av fem toppunkt i Vestre Slidre med ein primærfaktor på over 100 meter. Toppunktet ligg på 1001 moh og er eitt av nordeuropas høgstliggande skogkledde område. Store grantrer heilt til topps.