Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Paradisjuvet

Date:
23.09.2015
Duration:
5:06h
Distance:
10.2km
Map    

Runde i Årdalsfjell, sør.

Date:
06.09.2015
Duration:
12:24h
Distance:
23.3km

Flott runde i Årdalsfjelli saman med Anders Fredheim og Morten Asperheim. Turen gjekk frå Vasstaket på Årdalstangen opp til Finnsåsen og Middagshaugen. Etter frukostpause der, gjekk me vidare til Munkenosi (1587), Klypedalsnosi (1602), Avdalseken (1613) og Raudbergsnuten (1805). Vidare bratt ned ryggen mot Avdalen der det vart ein stopp på dei gamle stølstuftene, Bratt ned mot Melsetøynane og vidare til Løst og Steiggjene. 12 timar og 24 minutt. 23,33 km, Maks høgde 1805 moh, total stigning 2104 meter. Takk for flott tur og flott turfylgje. Turfylgjet samla på Raudbergsnuten. Morten og Anders på Munkenosi (1587). Jonny på Klypedalsnosi (1602). Oppattreising av varden på Avdalseken (1613). Raudbergsnuten i bakgrunnen. På veg ned ryggen frå Raudbergsnuten. Losnosi til venstre, Skorsfjellet >>>

Map     2 comments

Sletterustvatnet SØ

Date:
09.08.2015
Duration:
3:58h
Distance:
10.5km
Map    

Middagshaugen

Date:
11.07.2015
Map    

Avdalsskåri-Gravdalen-Avdalen

Date:
05.07.2015
Distance:
9.6km

Avdalsskåri Svalheimsselet på Gravdalen (Årdal Turlag/DNT) Gravdalen Avdalen Hagaberg "Gjelen" Avdalsfossen

Map    

Kolabotn-Bjørnaholten-Aosahytta

Date:
04.07.2015
Distance:
8.5km
Map    

Med Årdal Gålag på Kamben

Date:
15.04.2015
Duration:
1:19h
Distance:
2.4km

Med Årdal Gålag til Moakamben. Fyrste sommarturen gjekk av stabelen i ruskever med heile 44 deltakarar. Folk er tydeleg vis gira på å koma i gang. Me starta på den store parkeringsplassen rett under Moa. Mange alternative vegar fører til toppen av Kamben, men Turleiar Gunnvor Nordås hadde på førehand funne eit alternativ utan for mange bratte og glatte kneikar. Fyrste delen gjekk på "Utladalssida". Midt oppe i bakkane kryssa me over til Moa-sida og følgde den vegen heilt opp. Kamben er eit lett tilgjengeleg turmål og dei som bur i Øvre Årdal treng ikkje eingong setta seg i bil for å nå målet. Alternativt kan ein starta ved brua som kryssar Utla ved Olmennhagen og gå dei knapt 200 trappetrina opp på Ytre-Moaplatået. Ein kan og starta frå Lykkja litt lengre framme i >>>

Map    

Fagerbu

Date:
10.04.2015
Map    

Fottur til Bjørnaholten

Date:
16.11.2014
Map    

Kveldstur til Mastrehaugfjellet

Date:
16.09.2014
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
5.2km

Det flotte haustveret lokka Karin og meg på kveldstur på Seimsåsen. Turen vart ein kombinert tytebærtur og fjelltur utan hastverk. God sikt til fjellområda kring Årdal förde til taking av ein del nye bilete. Etter å ha vore på høgaste punktet på Mastrehaugfjellet, oppdaga me på returen ein gamal, nesten attgrodd sti som eg ikkje har sett før. Det betyr at retursporet på GPS syner der stien går. Kan tenka meg å merka denne stien betre, og i tillegg setta opp ein varde på toppunktet, noko som pr. i dag ikkje finst. Frå parkeringsplassen ved Åsetetjørni og opp til varden på Biskaholten tek det vel ein halv time. Herfrå og bort til høgaste punktet på Mastrehaugflellet gjer ein fint unna på 20 min. Tytebærfangsten vart 1,75 kg.

Map