Archive - Date
Archive - Activity
-
Bike trip (4)
- Bike trip - mixed (2)
- Bike trip - off-road (1)
- Bike trip - road (1)
-
Climbing (1)
- Ice climbing (1)
-
Other trip (1)
- Fishing (1)
-
Other winter trip (4)
- Snowshoe trip (4)
-
Ski trip (60)
- Backcountry skiing (27)
- Cross-country skiing (26)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (196)
- Alpine trip (2)
- Hike (113)
- Hillwalk (70)
- Walk (1)
Archive - Geography
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Myrhyrna
- Date:
- 19.09.2024
- Distance:
- 6.6km
Årets Jostedals-tur gjekk til Myrhyrna (Myrhønna). Ein grei tur med ein del slalåm og berg-og dalbane utover eggen. Flott utsikt over dalen og innover Jostedalsbreen framme på trig-punktet. Kosa oss med pizza og vin på Jostedal Hotell om kvelden. I fjor var me på Vangsen, så me satsar på at dette vert ein tradisjon. Mange flotte turmål her i dalen. Største problemet er å få hotellrom. Det er stort sett fullt heile sommaren.
Vangsen
- Date:
- 14.07.2023
- Distance:
- 7.4km
Karin hadde prata om denne toppen lenge, og mellom to lågtrykk hadde ho bestemt seg, bestilte rom på Jostedalen Hotell og då var det berre å henga med.
Frå Krekane tok me opp Vanndalen til Vanndalsvatnet 1057 moh der det var fin parkeringsplass. Følte oss litt åleine i eit stort nytt område, og berre ein utanlandsk bubil på plassen attmed. Men me sala på oss og la i veg ned bakkane mot ei solid bru. Lett å sjå at stien var mykje brukt. So vart det bratt oppover bakkane på andre sida med blaut jord, stein og vegetasjon i skjønn foreining. Der er det komen ein bil til på parkeringsplassen, seier Karin, og ein person kom bortetter stien i luntetrav. Me var ikkje lenger åleine her.
I 1300 m høgd vart det ein 90 graders til høgre med 100 høgdemeter med stein og ur til me møtte >>>
Fannaraaken
- Date:
- 04.08.2019
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 8.3km
”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august.
Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte.
Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved >>>
Barmarkstur til Store Haugmelen
- Date:
- 22.11.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 15.7km
Start ved vegbom rett ovanfor Dalåker på Kaupanger. 3,7 km med fin grusveg fram til vegskiljet til Breidsete. Her tok me over til høgre på traktorveg. Vidare 2 km på traktorveg opp til stølen Vassløysa. Etter matpause i solveggen, ca 2,3 km på god sti til toppen.
Tid opp: 2t 52min inkl. 15 min. matpause
Tid ned: 2t 26min inkl. 15 min. matpause
Bilde 1: Stølen Vassløysa
Bilde 2: Stølen Vassløysa
Bilde 3: Toppvarden på Store Haugmelen
Bilde 4: Må sjølvsagt skriva oss inn i boka
Bilde 5: Utsikt sørover mot Kvarven, Ombandsneset, Bermålsnosi og Vetanosi
Bilde 6: Utsikt nordover