Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Vorfjellet

Date:
22.09.2019
Distance:
11.2km

Map    

Seimsåsen

Date:
25.08.2019
Distance:
3.7km

Map    

Skaget

Date:
21.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.2km

Triveleg tur til Skaget i dag saman med min gode turven Karin. Skaget ligg i Østre Slidre i Langsua nasjonalpark og ligg 1685 moh. Dette fjellet er ein av dei 100 "kremtoppane sør for Trondheimsfjorden" i ei bok utgitt av Erik W. Thommessen. Og det er verkeleg ein krem-topp. Turen starta ved ein ny flott parkeringsplass ved stølen Storeskag vel 20 km køyring frå Rv51 ved Hegge. Her er informasjonstavler, bord og benkar og toalett. Det er fleire alternativ å koma seg til toppen. Me valde "Normalvegen" opp, dog med litt avvik øvst for å få med alle toppunkta. Stort sett fjellvegetasjon og litt steinur og vidare fast fjell mot toppen. På toppen var det ein flott varde som sjølvsagt måtte fotograferast. Returen gikk via "sørvest vegen". Dette var ein artig >>>

Map    

Vesle Jukleeggi, Hemsedal

Date:
18.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
29.5km

Tur til Vesle Jukleeggi i dag. Toppen ligg på grensa mellom Lærdal og Hemsedal og er 1703 meter oh. Turen starta frå parkeringsplassen (1125 moh) ved utosen på Eldrevatn på Hemsedalsfjellet. Me sykla oppover og austover anleggsvegen (som var i skikkeleg god stand) til demningen på Store Juklevatnet (1315 moh), ei strekke på 8,6 km. Brukte i underkant av 1,5 timar opp. Her parkerte me syklane og tok beina fatt. I fint og lettgådd terreng var toppunktet nådd etter 1,5 timar. Flott utsikt ned Grøndalen og mot Haukebotnen, Haukefjellet, Store Jukleeggi og til kongen av Hemsedal, Høgeloft, som er heile 1920 m høg. Ein god regnkave nådde oss so vidt i før me var nede på parkeringsplassen att. Heile turen tok i underkant av 5 timar.

Map    

Sjursete

Date:
15.08.2019
Distance:
8.8km

Map    

Helgedalen Turtagrø

Date:
04.08.2019
Characteristic:
Bike trip - mixed
Distance:
4.0km

Map    

Fannaraaken

Date:
04.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.3km

”Dei galne (gamle) har det godt”. Med eit lite vindauge av godvêr i sikte, vart telt, soveposar og kokeutstyr frå midt på 70-talet pakka og syklar hengt på bilen fyrste laurdagen i august. Ved destinasjon Turtagrø var det kamp om parkeringsplassane, men endeleg etter ei stund var det ein plass for oss og. Me fekk pakka på oss sekkar og utstyr og av garde bar det innover Helgedalen med Fanaråken i sikte. På veg frå parkeringsplassen mot avkøyrsla til Helgedalen stoppa ein utlending med stor medynk for oss og tilbaud oss skyss. Me avslo på høfleg måte. Tur til Fanaråken hadde fruen drøymt om lenge (ho har berre vore der på ski). Sykkelturen var ikkje so lang men desto skeivare. Sekken halla meir og meir mot Steindalsnosi, men me kom fram til ein flott plass å slå leir ved >>>

Map    

Helgedalen

Date:
03.08.2019
Characteristic:
Bike trip - off-road
Distance:
4.0km

Map    

Tenlehytta og Vardhovdtind

Date:
01.08.2019
Distance:
15.5km

Fin tur til Vardhovdtind fyrste dagen i august. Starta frå Grøv-stølen og fylgde V-merka rute til kryss med sti til Børrenøse. Derfrå var det T-merka sti som me fylgde til toppen av Vardhovdflenane. Deretter var det fritt fram. Har registrert turen 12 gonger på ski, men aldri på barmark. Mange reinsdyr å sjå. Me såg òg ei rypemor som passa på sine 5 små. Flott og lett terreng å gå i og god utsikt i alle retningar. Brukte litt over 3 timar opp og ca 1,5 time ned att i gangtid.

Map    

Botnanosi

Date:
18.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:46h
Distance:
9.1km

Flott tur til Botnanosi, ein av postane på Årdal Turlag sin Støls- og topptrim. Stien opp til stølen Botnen startar rett forbi garden Haug, der det er ei lita parkeringslomme på oppsida av vegen. Går fyrst gjennom eit belte med planta granskog før terrenget opnar seg oppover. God gamal stølsveg dette. Kryssar elva på eit flatt parti etter ca. 45 minuttar. Etter ein time var me oppe på stølen. Me heldt fram forbi selet og runda til venstre ovanfor kve-muren. Fann eit trakk der som førde oss mot bekken frå Botnavatnet. Her vart det slutt på stien. Då var det berre å ta rett opp på høgre sida av bekken over småmyrar og opp lyngbakkar. (Ser ut til å verta eit dårleg molteår forresten!) Kryssa bekken eit stykke oppe i bakkane, og lengre oppe der terrenget byrja å flata ut >>>

Map