Archive - Date

Archive - Geography

Collected lists

Mugnetinden

Date:
11.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
12.2km

Endeleg skulle me koma oss på Mugnetinden. Denne kremtoppen har stått på lista lenge, og i dag lukkast det å nå dette målet. Me køyrde over Slettefjellet og parkerte ved Mugnestølen der det er plass til eit 40-tals bilar. Godt merka og fin sti. Kom opp til dei to fyrste tjørnene etter 1 time. Ein liten kneik førde oss til eit sti-dele. Til høgre ei meir utsett løype og til venstre normalvegen. Me valde den siste inn til tjørn 1460 moh. Derfrå på skrå opp til høgre og innover mot toppen, stadig godt merka med vardar og kvite V-ar. Nådde toppen etter 2,5 timar. Meir folk her enn på gårdagens tur. Talte til 48 personar pluss 2 hundar. Flott utsiktstopp dette. Ser nesten "heile landet"! Normaltid på denne turen er 5 timar.

Map    

Koldedalen og Uradalen med fleire

Date:
10.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.3km

Kjempeflott dag i fjellheimen saman med min kjære turven. Me tok det veldig med ro denne dagen og nytte godvêret og det utruleg flotte området. Starta ved Raudehaugen i Koldedalen etter ein halvtime med svært dårleg anleggsveg. På utosen av Uradalsvatnet etter ein time. Etter 2,5 timar var me ved nordenden av Uradalsvatnet. Her tok me opp bakkane mot skaret mellom Skarbottstinden (kartnamnet) og høgde 1693. Etter ytterlegare 1 time var me oppe i skaret. Her måtte me gå rundt på sørsida av tjernet ettersom det låg ei bratt snøfonn ned på nordsida og normalt korteste vegen. Siste etappen sørover mot mot toppunktet var grei, lett å gå på dels lange svaberg. Var på toppen kl 14.40, 4 timar og 40 minuttar etter start. Flott utsikt mot tindene våre, spesielt Falketind, Stølsnostind >>>

Map    

Ettermiddagstur på Horgi

Date:
28.06.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.9km

100 personar har skrive seg inn i boki på støls- og topptrimmen til no!

Map    

Topptur, Kråkebergnosi. Grensetopp mellom Årdal og Lærdal.

Date:
26.06.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.0km

Jon Einemo og eg starta ved garden Øvre Kvame i Borgund kl 12. Litt sein start då det var meldt betring i veret på det tidspunktet. Fylgde stølsvegen til vårstølen Igdeset (1 time hit) og vidare til fjellstølen Fosse (2 timar hit). Flotte store steinsel der eit av dei var nokolunde intakt. Vidare bratt opp bakkane retning vest. Fylgde dyretrakk oppover mot tjørna (1360 moh). Snøfenner/steinur vidare til toppen. (1561 moh). Høgaste punktet (1569 moh målt med gps) ligg noko lenger i nord-vest enn det geometriske merket og den store varden. Fin tur, men mykje vegetasjon fram til stølene, spesielt fram til vårstølen. Stadvis svært glatt på grunn av våt skogsbotn. Flott utsikt til toppane og fjellområda ikring i Lærdal, Årdal og langt inn på Filefjellet.

Map    

Anthony Quinn Bay

Date:
20.06.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
5.6km

Map    

Førmiddagstur til Vetti

Date:
02.06.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
10.3km

Map    

Strupane, Skår, Gjerdesnosi med meir

Date:
26.05.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.6km

Map    

Ofredalstunnelen-Storedokki-Utsikten tur/retur

Date:
12.05.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
3.7km

Starta ved austre enden av verdas brattaste vegtunnel, Ofredalstunnelen. Det er merka sti som etter kvart kjem saman med den gamle gangvegen til Seimsåsen. Brattare enn dei fleste andre stiane til fjells her i bygdi, men spanande. Brukte 40 min. til Storedokki der Arild har sett opp postkasse med bok. Flatar ut herfrå opp mot Geitånetjørni som framleis ligg isdekt. Ved høgpentmasta på toppen rundar me til høgre og kjem opp i traktorvegen. Føl denne opp til der det er merka med skilt til Utsikten. Der er det fin utsikt mot Seimsdalen, Hurrungane, Gjerdesnosi og fjella på austsida av Årdalstangen

Map    

Tangen på kanten

Date:
05.05.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
6.4km

Map    

Nystølen

Date:
29.04.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.9km

Map