Turlagstur, Middagshaugen, Årdalsnosi, Nosabøen (02.07.2000)


Map
Ascents Årdalsnosi (1,094m) 02.07.2000
Visits of other PBEs Finnsåsen (490m) 02.07.2000
Middagshaugen (1,122m) 02.07.2000

På tur med Årdal Turlag.
2. juli. Tippen-Nosabøen

Turen starta frå “vasskummen” på Tippen i overskya, men varmt, fint ver. Me var 3 mannfolk og 2 spreke damer. Me gjekk opp bratta til Åsen, og vidare forbi det luftige Kleppurjuvet. Vidare omtrent loddrett opp til høgspentmasta på kanten av stupet. Deretter gjekk det i fint tempo opp til Middagshaugen, der me tok hovudrasten. Det var litt skoddedottar kring fjella den dagen så bileta vart ikkje så strålande som dei kunne ha vorte. Vegen vidare til Årdalsnosi gjekk òg greitt. Der møtte me skodda, men med kart og kompass kom me oss trygt inn på stien ned til Nosabøen. Derifrå var stien nedatt til vegen mest heilt attgrodd, så me rota litt att og fram, eller opp og ned, får ein seia. Me brukte dobbelt så lang tid som til vanleg på denne etappen. Heile turen tok 9,5 timar, og nokre var rimeleg trøytte då me sette oss i bilen.

Turleiarar Tor Valaker og Karin Asperheim

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.