Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rundebranden

Date:
25.07.2020
Map    

Ospesete, Kaupanger. Fin trasketur.

Date:
01.06.2020
Distance:
7.4km

Map    

Lauvhaugane, Leikanger

Date:
30.05.2020
Map    

Jaga av tiuren på Kaupanger

Date:
23.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.0km

Ein fin vår-runde på Kaupanger med pannekakesteiking i sola. På veg ned att rant vi på ein illsint tiur som sperra vegen. Det var ikkje snakk om at han ville flytte seg, sjølv etter rop og hyling og vifting med stokkar og ukvemsord. Vi gjekk av vegen og gjekk på oversida, men då han kom flaksande etter oss som gal når vi var komne ned att på vegen lenger framme. Jentungen vart livredd "høna" (som ho kalde han), så vi tok beina fatt og kom sjølvsagt på avvege i alt tumulta. Så vart turen litt lenger enn planlagt.

Map     2 comments

Hauståkernakken med Håvard og co.

Date:
10.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
6.0km

Fin liten trasketur til ein utsiktsstad på Kaupanger det er umogleg å hugse namnet på. Men jammen fant eg det i boka. Strålande utsikt til bleia.

Map    

Deileg slush frå Blåfjellet

Date:
19.04.2020
Distance:
7.8km

Nydeleg dag på Blåfjellet med Håvard. Fin-fin slush heile vegen ned til Rindabotn.

Map    

"Topptur" dagen før termin

Date:
01.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:45h
Distance:
5.0km

Jada. Etter mykje sjukdom vart det dags for ein topptur med Håvard. Ettersom terminen var dagen etter, turde eg likevel ikkje dra han altfor langt denne dagen. Det vart ein liten tur frå riksvegen og opp forbi Kollsetestølen og ned att, berre for å prøve noko nytt. Ikkje heilt å anbefale, med mindre ein er glad i slakt terreng. Og dagen etter? Jau då vart eg jammen far på ny!

Gjennom pudder på Togga!

Date:
28.02.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:15h

Topptur med kollegaer mot Togga. Eit stykke etter Orraleiken bles det opp noko kraftig, så vi dreit i toppen, og sette utanfor fjellet. Det var nok til å få ein herleg nedkøyring på austsida. Og Togga skuffa ikkje - pudder til halsen! Diverre vart opplevinga litt øydelagt for Stian, som knakk eine skia nede ved vegen. Gudane veit korleis han fekk det til.

Map    

Rando frå Vardafjell

Date:
19.01.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:00h
Distance:
4.5km

Ein kjapp tur på lånt tid med Tylderingen som mål stoppa ved Vardafjellet. Der var det slutt på god-snøen og tida. Så vart det i alle fall nokre fine svingar ned att til ei - framleis - blid og høggravid kone som venta heime med med unge og hund.

Map    

Årets første tur

Date:
01.01.2020
Distance:
4.6km

....gjekk/sprang kort fortalt opp til den populært kalla "Bøtta" i Balestrand i nydeleg sti-terreng frå huset til foreldra. Lite å skryte av, men likevel nok til å føre i boki.

Map