Dag 1, Fodnes-Årdalstangen (04.08.2020)  5


Characteristic Hillwalk
Duration 4h 12min
Distance 8.3km
Vertical meters 1,127m
GPS
Ascents Vetanosi (1,133m) 04.08.2020 20:09

Dagen var komen for å gå ruta eg hadde tenkt på lengje - Frå Fodnes til Årdalstangen. Grunnen til dette var først og fremst å kunne gå med utsikt over fjorden og Hurrungane (sistnemnde vart det diverre lite av pga. veret).

Dag 1 starta likevel fint, med nokonlunde ver frå Fodnes. Her sat vi bilen på parkeringa ved fergekaia og følgde skilt og sti oppover mot Fagerset/Vetanosi. Null problem, sjølv med 15-20 kg sekkar. Tanken var og å gå innom sekundærtoppen Lisbethaugen, men sidan vi hadde litt for godt driv på veg opp oppdaga vi snart at vi hadde passert han med godt og vel 50 høgdemeter. Så då gadd vi ikkje gå ned att - sekk eller ei.

Noko krangling vart det, sjølvsagt, då vi kom til krysset der stien delte seg mot Fagerset og Vetanosi "rett opp". Eirik hadde lovd at han skulle vere med til Vetanosi, men etter å ha konfrontert han med dette, var han plusteleg ikkje like sikker. Så då trua eg heller med at eg gjekk "rett opp"-stien i staden. For opp på DEN toppen skulle eg, det var sikkert. Saka enda med at vi følgde stien opp mot Fagerset, gjorde klar campen, og deretter tok ruta til Vetanosi med minst mogleg på ryggen.

På Fagerset fant vi ein god leirplass, og med ein bekk i nærleiken til å fylle vatn. Utsikta frå Fagerset var fantastisk og gav ei god belønning etter ca. 900 høgdemeter med tunge sekkar.

Eirik nyt utsikta mot Storehogen (Sogndal).

Vidare gjekk turen mot Vetanosi betydeleg lettare. Noko skrå sti oppover (som truleg kunne vore korta ned), men ned att følgde vi "luftlinja". Var heller ikkje noko å klage på utsikta på veg opp. Sjølve toppunktet låg lenger inne i fjellet og var ikkje like spektakulært. Eirik, som sjølv ikkje er ein aktiv peakbook-brukar, meinte det var fånyttes. Han om det.

User comments

  • -
    avatar

    På villspor?

    Written by Argok54 05.08.2020 19:35

    Veldig rar rute for å kome seg på Vetanosi. Kvifor ikkje gå rett fram og så tilbake??

    • -
      avatar

      Sv: På villspor?

      Written by Hommpbollen 07.08.2020 15:25

      les rapporten så skal du få svar

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.