Om å gjere å skaffe seg ein ny primærtopp! (04.08.2019)
Ascents | Nord for Torstadnakken (1,561m) | 04.08.2019 13:19 |
---|
Nord for Torsdagsnakken (etter kartet å lese). Ja, kva er eigentleg det for eit fjell?
Det enkle svaret er at det er ein primærtopp som bidreg til å komplementere Sogndal-lista, og som difor er umåteleg meir viktig å bestige enn den langt meir kjende Tverrdalstind nokre steinkast (enda) lenger nord. Vel, no overdriv eg litt. Planen var uansett å nå Tverrdalstind og svingje innom Nord for Torsdagsnakken undervegs, men det målet skrota eg fort. Det var tross alt nok å gjere i huset før jobb- og barnehagestarten neste dag.
Val av veg kunne vore gjort om att. Det beste er nok å følgje stien på venstre sida av elva på veg oppover Tverrdalen, og krysse denne eit stykke før ein kjem opp til vatnet. Då slepp ein å forsere røysa på motsett side og utsetje seg for steinras og anna drit.
Vegen vidare oppover er derimot mindre å gjere noko med. Skal ein gå raskaste vegen er det berre å bite i seg høgdemetrane i små traversar oppover fjellsida. Det er jaggu tungt, men det går ganske fort.
Til og med hunden er glad for ein rast etter å ha gått vel 800 høgdemeter.
Og her var toppen på Nord for Torsdagsnakken, med godt utsyn til - nettopp - Torsdagsnakken! (og han er allereie avkryssa)!
Vegen ned att gjekk nesten litt fortare enn beina kunne bere.
User comments