Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (173)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends
Prestkjerringa
- Date:
- 25.12.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:10h
- Distance:
- 20.0km
Skitur frå Værskei med pappa. Lite snø i fjellet, og lite skiløyper. Vi gjekk skiløypa frå Værskei til Nysetra. Derifrå brøyta vi til Prestkjerringa. Vi sank litt i laussnøen, og det var mykje kratt, men det var eigentleg greitt og fint å gå. Vi gjekk over Gammelhans og Myssmørhelje til Prestkjerringa, men vi gjekk ikkje oppom dei på returen. Oppe på Prestkjerringa møtte vi på eit par som hadde gått på truger frå Flugstadsetra.
Flott vêr, og ikkje så mykje vind som det var spådd.
Skitur til Hærfjellet
- Date:
- 24.12.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 1:33h
- Distance:
- 15.3km
Skitur frå Værskei med Johannes og pappa. Lite snø i fjellet, så det er få løyper som er køyrd.
Vi gjekk frå Værskei og ned til Staumseterkrysset, og opp til Nysetervegen. Den gjekk vi inn til Nysetra, før vi snudde og gjekk til bommen. På turen attende gjekk vi oppom Hærfjellet, ikkje dei beste forhald opp dit, men det gjekk greitt. Flott vêr for skitur.
Skitur på Rokosjøen
- Date:
- 23.12.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 1:36h
- Distance:
- 14.4km
Skitur med Kristine på veldig flotte scooterspor på Rokosjøen. Flott vêr.
Skitur til Målia
- Date:
- 18.04.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:07h
- Distance:
- 24.4km
Skitur til Svaen
- Date:
- 11.04.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 3:07h
- Distance:
- 26.0km
Fin skitur, og avslutning av stolpejakten på Hedmarksvidda. Stort sett fint klisterføre, men litt klabbing der vi gjekk utanom spor.
Skitur på Gåsbu
- Date:
- 07.04.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 1:18h
- Distance:
- 12.0km
Stolpejakt på Hedmarksvidda
- Date:
- 05.04.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Duration:
- 5:54h
- Distance:
- 40.4km
Langtur og stolpejakt på Hedmarksvidda med Kristine. Vaffelstopp på Budor.
Skitur på Prestkjerringa
- Date:
- 03.04.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 27.2km
Laurdag hadde vi gått ein runde om Blestern, denne dagen vart turen utvida med Prestkjerringa. Fin tur og flott vêr.
Tur til Prestkjerringa
- Date:
- 01.04.2021
- Characteristic:
- Cross-country skiing
- Distance:
- 24.7km
Dette var eigentleg tenkt som siste dag på Ginahytta i påska, men vi fann ut at vi ville vere nokre netter til. Etter ein flott skitur på Skjellbreidsfjellet, satt vi ein liten stund i solveggen på hytta. Vi drog så ned til Nygaard. Der fekk vi ein god middag, og vi fekk med mat til resten av påskeveka. Turen attende frå Værskei til Nysetra gjekk raskt på godt føre.