Archive - Date

Collected lists

Fire turar i Engerdal og Trysil

Date:
06.06.2021
Characteristic:
Hillwalk

Vi vakna opp i bilen til strålande flott vêr. Etter frukost gjekk vi i vegen mot Veslfjellet frå der vi hadde overnatta. Typisk nok vart vêret meir overskya då vi gjekk i vegen. Turen opp til Veslfjellet var kort og fin, men litt tungt underlag. Neste tur gjekk på Kvitvolaknappane . Stor parkeringsplass ved start, og flott råk heile vegen. På tur til Nordre Kvitvolaknappen oppretta vi Søndre Kvitvolaknappen, på turen attende følgde vi råket som gjekk på nedsida av Søndre. Flott utsikt mot Sølen på denne turen. Dagens tredje tur vart Den brune høgda . Vi parkerte i vegkanten, og gjekk gjennom skogen til toppen. Overraskande lettgått terreng, men ingen høydare av ein tur. Dagens fjerde, og siste, tur gjekk til Ulvsjøberget ved Vestby. Her var det igjen fint råk. Godt merka turstart. >>>

Map    

Elgåhogna og Herbensen

Date:
05.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.9km

Etter frukost i sola ved Blokkodden villmarksmuseum, køyrde vi inn til parkeringa ved Elgåhogna. Derifrå gjekk vi på vegen opp til Hammarvollen, og så på godt råk vidare oppover til Elgåhogna. Dei siste 150 høgdemetrane gjekk vi i ura utan råk, men fin ur å gå i. Flott utsikt på toppen. Vi vart einige om å ta med Storslåga, så da gjekk vi til Elgåhogna sør. Ned derifrå fann vi ei snørenne vi kunne skli ned frå litt over 1300moh og ned i skaret på 1200moh. Vidare var det fint å gå til Storslåga. Vi hadde snakka litt om beste rute ned at frå Storslåga, om det var å gå attende mot råket, eller å gå rett ned og følgje vegen til bilen. Vi val det første, og det vart eit fint alternativ. Stort sett lettgått og fint, men litt kjedeleg terreng rett før vi kom inn på >>>

Map    

Skagsvola og Sæteråsen i Trysil

Date:
04.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.3km

Ny helgetur oppover Østerdalen, denne helga var Elgåhogna ved Femunden det store målet. På veg oppover på fredag vart det to turstopp i Trysil. Den første turen var ein kort tur på grusveg, til den vesle toppen Sæteråsen ved Trysil flyplass og motorbane. Vi parkerte i krysset rett etter hovedvegen da vegen vidare inn var stengd med bom. Turen vart på 3,7 km, 110 hm og 44 minuttar. Neste tur gjekk til Skagsvola. Turen vart prega av at streiken til Kristine vart avlyst, og at ho derfor måtte planleggje ein del undervisning til måndag på teams og telefon. Men ein skikkeleg flott tur var det. Etter turen køyrde vi vidare mot Femunden, og fann ein fin plass til overnatting mellom Engerdalssetra og Drevsjø.

Map    

Turar i Engerdal og Trysil på køyretur frå Isteren til Gåsbu

Date:
30.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.9km

Tur 1: Bårn i Engerdal: 8,9 km - 439 hm - 3 t 21 min Tur 2: Galtåsen i Engerdal: 8,3 km - 320 hm - 1 t 42 min Tur 3: Volgnollen i Trysil: 3,4 km - 119 hm - 53 min Tur 4: Vardlia i Trysil: 5,5 km - 256 hm - 1 t 17 min Turen til Bårn Vi gjekk i vegen frå der vi overnatta i bilen. Vi følgde vegen innover, før vi gjekk oppover i terrenget. Greitt og fint terreng å gå i, vi var forberedt på at det skulle vere meir kronglete. Fin utsikt på Rokampen. Vidare fortsatte det å vere fint å gå opp til Bårn. Vêret var strålande flott og kolossalt varmt. Veldig flott utsikt på Bårn, ein overraskande flott tur eigentleg. På veg ned tok eg eit lite bad i vatnet på om lag 920moh. Turen til Galtåsen Dagens andre tur gjekk til Galtåsen. Vi parkerte ved Galten gård, gjekk hundre meter nordover på >>>

Map    

Gloføken

Date:
29.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.0km

Vi vakna opp til strålande flott og varmt vêr laurdag morgon. Vi drog nordover mot Johnsgård ved Langsjøen, og åt frukost ved Isterfossen. Vi parkerte på ein liten parkeringsplassen i Gloføklia vest. Derifrå gjekk vi vegen til Gjotsetra. Planen var å gå i terrenget opp til Gloføken derifrå. Det var blautt til å byrje med, men så var vi heldige og kom inn på eit råk. Det kunne vi følgje eit godt stykke oppover, før det byrja å gå i feil retning. Vidare var det fint å gå i terrenget oppover. Vi hadde ein lang og god pause på veg oppover, og vi satt ei god stund på toppen av Gloføken og nøyt sola, varmen og den flotte utsikta. Vidare gjekk vi over Søre Gloføken og Nordvest for Gloføkkampen til Gloføkkampen. Skikkeleg flott turterreng her. Like nedunder Nordvest for >>>

Map    

Grimsåsen i Trysil og Svarthammaren i Engerdal

Date:
28.05.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.9km

Helgetur nordover Østerdalen med Kristine. Vi drog frå Gåsbu etter jobb på fredag, Gloføken i Engerdal var helgas mål. Første stopp på vegen vart i Trysil sentrum. Der gjekk vi på kombinert stolpejakt og topptur på Grimsåsen. Flott råk opp til toppen. Litt utsikt ein stad undervegs, men ikkje noko utsikt frå toppen. Veldig varmt og godt vêr. Vidare hadde vi tenkt til å gå gå Skagsvola, men der var vegen opp til parkeringa stengd med låst bom. Da vart det å finne ein annan tur, og valet fall på Svarthammaren i Engerdal Østfjell. Opp til Svarthammaren gjekk vi på bra råk, men det var veldig blautt. Det låg framleis ein del snø i terrenget, så det var kjekt å ha fjellstøvler. Vêret var framleis fint, men det var mykje kaldere. Det var sur vind, og jakka og lue vart tatt >>>

Map    

Fire turar sør i Stor-Elvdal

Date:
17.10.2020
Characteristic:
Hillwalk

Fire turar i Stor-Elvdal. Vi køyrde inn bomvegen til Strandsetra ved Strand kyrkje. Til første tur tok vi av vegen som går rett nordover like nedunder 500moh. Rett før Kroksetervegen var det stengt med bom, men heldigvis var han ikkje låst. Så vi fekk køyrt nedover, og innover mot Veslehorta. Vi parkerte i vegkanten, og gjekk litt på vegen før vi gjekk gjennom skogen opp til Veslehorta. Bratt skog opp, men fin utsikt på toppen, og ein liten trekonstruksjon. Same veg ned. Etter turen køyrde vi attende til Stransetervegen, og opp til Opphussetra. Derifrå gjekk vi litt på hytteveg, og så på godt råk til Hovdsjøfjellet. Oppe på Hovdsjøfjellet gjekk vi ut eit utsiktspunkt litt aust for toppen. Veldig flott utsikt på denne toppen. Den tredje turen gjekk til Vesle Hovdsjøfjellet. >>>

Map    

To turar ved Sølenstua

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Hillwalk

Vi hadde vore heldige å låne ei hytte nord i Østerdalen av ein kollega av meg. Så rett etter jobb drog vi i vegen nordover. Litt over halvvegs stoppa vi og gjekk to turar. Den første turen gjekk til Vardefjell. Vi gjekk på grusveg opp til Volskarven. Der var det flotte fargar og fin utsikt, men Sølen var borte i skodda. Fint råk vidare til Vardefjell. Den andre turen gjekk til Ulvåberget. Bom til skianlegget var stengd, så vi parkerte der. Greitt råk oppover, men det forsvann like før skiheisen. Heilt fantastisk utsikt mot Sølen. Etter turen køyrde vi vidare hytta ved Narbuvoll. Flott sted.

Map     1 comment

To turar i Rendalen; Byringar og Høgåsen

Date:
29.08.2020
Characteristic:
Hillwalk

To turar i Rendalen. Dei første fjellturane vi har vore på etter at vi flyttet til Hamar. Den første turen gjekk til Store Byringen. Vi parkerte ved Storbyringtjønna, og gjekk i vegen på råk. Vi mista råket tidleg på turen, da vi ikkje fekk med oss at det tok av oppover til venstre da det var ein hogstveg som gjekk rett fram. Det gjorde ingenting, omvegen gjennom skog og myr leda til litt molte. Oppover mot toppen vart det ein del bærplukking, før vi satt frå oss sekken på om lag 820moh, og bærplukkarane litt seinere. Irriterande med bærplukkarane, da det like nedunder toppen var store mengde blåbær. Oppe på toppen kom det ei regnskur, så vi søkte tilflukt inne i hytta. Der var det to andre par som også søkte ly frå vêret, så det vart ein hyggeleg stund der. Den andre turen >>>

Map    

Veslfjellkampen og Finnbølshaugen på Jotunheimvegen

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

I dag flytta vi i frå Valdres, og om ei veke flyttar vi inn i nytt hus på Hamar. Vi køyrde med oss flyttelasset over dei vakre omgjevingane på Jotunheimvegen, og tok tu fjellturar undervegs. Eller, det er vel berre den første turen som eigentleg kan kalles ein tur. Første tur gjekk til Veslfjellkampen og Svartkampen. Det var ein flott tur, som stort sett gjekk på godt råk. Litt kratt ned frå Svartkampen. Brukte litt over to timar på den turen. Den andre turen gjekk til Finnbølshaugen. Vi satt frå oss hengeren der vegen tok av, og køyrde til vegs ende. Derifrå var det ein kort tur opp til toppen, men 50 tunge høgdemeter. Vi brukte om lag 10 minuttar opp og ned. 450 meter opp og ned.

Map