Archive - Date

Collected lists

Flott tur til Blåskjerdingen, og ein liten tur på Åsnakken

Date:
07.08.2021
Distance:
9.1km

Blåskjerdingen var målet denne dagen. Vi gjekk i veg frå parkeringa like før klokka 11 i flott vêr. Det var godt råk oppover, men oppe i høgda gjekk vi bare i ura. Det var veldig mange som gjekk denne turen i dag. Om lag halvparten av dei vi traff gjekk kanskje over på hovudtoppen. Vi hadde sett litt på klyvepunktet, og var nysgjerrige på korleis det var. Det var ikkje nokon stor utfordring, men litt ekstra krydder på turen. Morosamt å klyve litt, men aldri ekkelt eller luftig. Verkeleg flott tur, med flott utsikt. Etter turen drog vi ned til Fiksdal. Der fotograferte vi Melen, som tar seg flott ut frå denne kanten, og vi åt eit par is på den lokale butikken. På køyreturen vidare til Vestnes fann vi ut at vi ville gå på Åsnakken, som var ein kort og grei tur på godt råk.

Map    

To turar; til Meraftafjellet og Grøtshornet

Date:
06.08.2021

Etter ein god hotellfrukost på Borg sommerhotell i Spjelkavik, drog vi austover Uksenøya, til Gudmundset. Derifrå gjekk vi til Meraftafjellet. Først var det grusveg, så vart det godt råk oppover skogen. Fin utsikt da vi kom over skogen. Ein flott topp, og ein fin tur. Etter turen køyrde attende til fastlandet og opp til Vatnefjorden. Dagens andre, og siste, tur gjekk til Grøtshornet. Vi parkerte på parkeringslomma ved Hagardshaugen. Derifrå var det godt råk heile vegen opp til toppen. Oppe på toppen hadde vi ein hyggeleg prat med ein lokal turgåar. Etter turen vart det bad i Vatnevatnet, tacosalat på stormkjøkken, og overnatting i bilen i Vatne.

Map    

Tre turar: Sula, Godøya og Sukkertoppen

Date:
05.08.2021

Dagens første tur vart Vardane på Sula. Det var veldig bra råk oppover, og det var mange som gjekk. Vonhytta var stengd, den holder berre oppe på raude dagar, men det var uansett fint å ta ein pause der. Mange folk på toppen. På veg ned møtte vi færre folk, men det var fint råk der og. Dagens andre tur gjekk til Storhornet på Godøya. Det var ein skikkeleg flott tur, veldig fint opp frå Alnesvatnet og til toppen. Mange folk på tur her og. Det er veldig forståeleg, flott utsikt på toppen. Dagens siste tur gjekk til Sukkertoppen. Fint råk og fin utsikt på toppen. Vi møtte mykje folk på denne turen og. Etter turen drog vi til Spjelkavik og overnatta på Borg sommerhotell.

Map    

Frostatinden

Date:
04.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.9km

Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på litt høgare toppar denne dagen, men det var litt overskya, og skodde på ein del av dei høgare toppane, så da vart det Frostatinden. Det var ikkje noko dårleg val, for det vart ein fin tur. Mange bilar på parkeringsplassen da vi parkerte. Råket oppover mot Litlevatnet var bra, og vi møtte på nokon få personar. Etter at vi hadde passert grusvegen som går frå Høgsetra til Svartevatnet vart råket veldig stort, og der var det mykje folk som gjekk. Vi gjekk over Vardtua til Frostavarden, der det var ein stor og flott varde. Her var det tydeleg at dei aller fleste seier seg nøgd på turen, for vidare mot Frostadtinden vart råket mykje mindre. Forsåvidt ikkje mykje "tind" over Frostatinden. Frå Frostatinden følgde vi råket nedover til >>>

Map    

Kleneggen

Date:
03.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.8km

Etter sein tur til Vardhøi dagen før, vart det ein sein morgen denne dagen. Vi parkerte på Kleneggen p-plass litt utpå dagen, og kom i veg på tur kvart over eitt. Vi fann nokre sporadiske tråkk til å byrje med, men det var fint terreng å gå i. Mykje gras til å byrje med, men etter kvart som vi kom høgare vart det meir og meir ur. Klyvepunktet merka vi ikkje så mykje til. Tung stigning opp til fortoppen, lang rygg derifrå til toppen. Flott utsikt på toppen. Ein del namn i boka, og eit morosamt troll i postkassa. Vi var ein god stund på toppen for å fotografere. På veg attende mot fortoppen møtte vi peakbooker FjellEggen, og hadde ein hyggeleg prat med han. Vi hadde snakka om å berre gå på Kleneggen, eller å utvide turen med Kaldbottinden og Kaldhøa. Da vêret var flott og >>>

Map    

Vardhøi i Dovre

Date:
02.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.2km

Den siste veka av summarferien, og det var spådd fint vêr i Ålesund, så Kristine og planla ein ferietur dit. På vegen over til vest planla vi eit par turar, med Kleneggen som eit hovudmål. Denne dagen kom vi seint av gårde frå Gåsbu, og klokka vart 22:59 før vi gjekk av gårde frå parkeringsplassen ved den gamle bomstasjonen inn mot Grimsdalen. Kristine hadde heldigvis vore smart nok til å tenkt på å ta med hovudlykter, dei fekk vi god bruk for ned frå toppen. Sjølve turen og toppen verka flott, og burde nok kanskje gjentas i dagslys ein gong. På grensa til meiningslaust å gå når ein nesten ikkje ser noko, men det vart ein fin tur. Vi følgde vegen inn til Krokstadsetra, der såg vi ikkje at råket gjekk av, så vi gjekk over lykkja og måtte klatre over piggtrådgjerdet for >>>

Map    

Bånseterkampene

Date:
31.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:12h
Distance:
8.5km

Tur med Kristine og pappa. Vi parkerte på Gammeldalen, og opp til Midtre Bånseterkampen. Videre ut til Østre. Der reistrete Kristine og eg ein stolpe. Vi gjekk så attende til Midtre og til Vestre. Etter Vestre gjekk Kristine og eg ned at til bilen, medan pappa gjekk om Prestkampen. Bra råk heile turen, og ein del folk i fjellet.

Map    

Fire turar i Gudbrandsdalen

Date:
30.07.2021
Characteristic:
Hillwalk

Kristine, pappa og eg drog til Kvikne i Nord-Fron, og køyrde inn bomvegen mot Øldalen. På det høgaste punktet på vegen parkerte vi i vegkanten. Derifrå gjekk vi på dei to Silikampane. Gjekk utan råk, men i greitt terreng opp til Nordre, derifrå var det råk over til Søre. Det gjekk også eit råk nede i sida nedunder Nordre. Flott utsikt på desse toppane. Dagens andre tur gjekk på veldig bra råk opp til Teigkampen. Veldig fin utsikt utover udbrandsdalen frå denne toppen. Dagens fineste tur. Her var vi heldige på parkeringsplassen, den var full, men det drog ein bil akkurat da vi kom. Kristine og eg registrerte ein stolpe oppe på Bjørnsonprofilen, men stolpen nede ved elva fann vi ikkje. Etter turen på Teigkampen køyrde vi ned til Vinstra. Der åt vi softis, før vi køyrde >>>

Map    

Lauvåsknollen i Notodden og Vardåsen i Gjerdrum

Date:
23.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Dag 9, og siste dag på ferieturen vår i Telemark. Denne dagen vart prega av at Kristine hadde fått eit vondt auge, og fekk legetime på Stange klokka 14.15. Vi rakk likevel to små turar undervegs på køyreturen heim. Den første vart Lauvåsknollen i Notodden, og den andre vart Vardåsen i Gjerdrum. Båe turane gjekk på gode råk i skogen. Ikkje noko utsikt på Lauvåsknollen, men litt utsikt på Vardåsen.

Map    

Tåråfjellet

Date:
22.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
13.8km

Dag 8 på Telemarksferie. Denne dagen vart det molte-tur på Tåråfjellet. Vi starta turen med ein liten feilgåing, men det var ikkje lange avstikkaren. Det var kupert, men ganske bra, råk opp til Tåråfjell, og overraskande bra utsikt på toppen. På veg ned hadde vi ein lang badepause i Sandtjønn. Vi plukka også ein god del molte på turen nad at, men det var framleis meir kart enn moden bær. Etter turen vart det bading og soling på bystranda i Notodden, og thai-mat til middag.

Map