Archive - Date

Collected lists

Lassekampen

Date:
26.07.2025
Distance:
10.1km

Tur nummer to for dagen, etter Vangstulkampen . Vi parkerte nedenfor den flotte Åkresetra. Derifrå gjekk vi gjennom setertunet, og så på godt råk til like etter at vi gjekk over elva Gryta. Derifrå gjekk vi i ein del kratt opp til toppen, ruta vi tok ned att hadde mykje midre kratt, og var mykje betre å gå. Fin utsikt frå toppen, og ein ganske så fin tur.

Map    

Vangstulkampen

Date:
26.07.2025
Distance:
7.8km

Kristine og eg drog i frå Gausdal om lag klokka ni. Henry og Else Margrethe vart med besteforeldra. Parkerte ved Sikkilsdalsseter, og gjekk i veg på brukbart råk oppover skogen. En drug motbakke, med formen vi er i for tida. Fantastisk utsikt frå toppen, ein riktig flott tur. Etter turen køyrde vi til den flotte Åkresetra, for å gå på Lassekampen .

Map    

Hærfjellet

Date:
25.07.2025
Distance:
1.0km

Tur på Hærfjellet med Henry, Kristine og pappa. Vi skulle på Nysetra med ved. Henry fekk sitte på med bestefar i traktoren, og han gjekk saman med Kristine frå Hærfjellet til Nysetra.

Map    

Hærfjellet

Date:
19.07.2025
Distance:
1.1km

Tur på Hærfjellet, og til Nysetra, saman med Henry, Kristine, tante Sigrid og pappa.

Map    

Storhøe og Brånåhøe

Date:
18.07.2025
Distance:
15.2km

Vakna opp i bilen langt på dag etter ein god natts søvn, etter turen på Skaihøe dagen før. Vi køyrde først ned i Vågåmo for frukost, før vi drog inn bomvegen mot Blåhøe. Vi parkerte på parkeringsplassen ved Køyring og gjekk i vegen oppover mot Storhøe. Råket var ikkje så bra som vi hadde håpa på. På veg oppover var vi innom den koselege Gjetarbue, der det var mykje ammeku. Vidare gjekk vi på råk opp til Klovningssteinen, og utan råk opp til toppen. Frå Storhøe gjekk vi utan råk over til vesttoppen på Brånåhøe. Der trudde vi at det skulle bli råk, men det var veldig dårleg. Råket ned at frå høgaste toppen på Brånåhøe derimot, var veldig bra. Frå Jettjønne gjekk vi bilvegen ned at til parkeringa på Køyring.

Map    

Skaihøe

Date:
17.07.2025
Distance:
10.8km

Tur med Kristine. Else Margrethe og Henry vart at hos farmor og bestefar på Nygaard, og Kristine og eg drog til Vågåmo. Etter ei lita pause der, drog vi til parkeringsplassen på Liasetra. Vi gjekk litt i feil retning først, men oppdaga det tidleg. Greit råk oppover, men ein del kratt som vaks inn i det. På om lag 1300moh vart råket borte. Dette var ein enormt varm dag, så vi ville bade i Blakkstjønne. Vi gjekk eit lite stykke på sørsida av vatnet før vi fann ein grei badeplass. Ikkje det finaste vatnet å bade i, da det var langgrundt og gjørmebunn, men veldig godt med eit avkjølande bad. Vidare gjekk vi rundt vatnet, og opp på toppen. Flott utsikt, men disig i varmen. Ned att gjekk vi meir rett mot Liasetra. Etter turen åt vi middag i Vågåmo, og fann ein overnattingsplass i >>>

Map    

Ruten

Date:
07.07.2025
Distance:
11.0km

Dagstur med Kristine. Henry og Else Margrethe var att på Nygaard med besteforeldra. Vi var litt late, og køyrde gjennom bommen, og parkerte ved starten av råket. Vdldig fint råk heile vegen opp. Oppe på toppen var det ein stolpejakt-stolpe. Ned att gjekk vi om Bingsbua. Vi vurderte å gå oppom Sprenpiggen, men fann ut at vi ville komme attende til gården før ungane skulle leggast. Vi bomma på stidelet der det tok av stuttaste veg til parkeringa, og vi gjekk ein omveg om Haugasetra. Litt vekslande vêr, men vi slapp unna regnvêret som gjekk rundt oss.

Map    

Blikufjellet

Date:
30.06.2025
Distance:
6.7km

Ny tur på Kristine og meg, medan ungane hadde siste dag i barnehagen før sommeren. Ganske lang køyretur frå Hamar, men heldigvis ein ganske fin tur å gå. På kartet heiter toppen Blikufjellet, på dei lokale skilta sto det Blekkfjellet. Flott råk frå parkeringa til toppen. Liten avstikkar utan råk oppom Måsåknappen.

Map    

Deifjellet

Date:
25.06.2025
Distance:
9.0km

Kristine og eg er lærare, så vi får tidleg sommerferie, og med ungane i barnehagen i ei ekstra veke, så vart det tur. Etter å ha levert i barnehagen, drog vi oppover Østerdalen. Vi køyrde opp til Deset, og oppover gardsvegen/skogsvegen i skogsida. Vi parkerte i krysset før den registrerte parkeringsplassen. Vi angra ikkje på det. Fin traktorveg/råk opp til toppen, og ok utsikt. Alt i alt ein fin tur.

Map    

Ilseng

Date:
14.09.2024
Distance:
3.2km
Map     2 comments