Archive - Date

Collected lists

Synet

Date:
07.02.2020
Characteristic:
Cross-country skiing

Skitur etter jobb saman med Kristine. Vi køyrde til Vaset rett etter jobb, og parkerte ved skiheisen. Derifrå gjekk vi til Gomobu, og vidare til Synet. Frå Synet gjekk vi om Valtjernet attende til Gomobu, og til bilen. Flott vêr på turen. Vi hadde solskinn til å byrje med, før det vart ein flott solnedgang, og flott kveldsljos. Vi rakk akkurat attende til bilen før det vart mørkt, for øvrig ljoste månen bra. Veldig bra skiløyper på Vaset denne turen.

Map    

Hærfjellet

Date:
01.02.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Map    

Eggeåsen

Date:
29.01.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Map    

Skitur rundt Nørdre Syndin

Date:
26.01.2020

Skitur med Kristine. Gjekk i frå Syndinstøga. Fine løyper rundt Nørdre Syndin, attblese i løypa aust for Midtre Syndin. Fint vêr, og flott utsikt.

Map    

Skitur på Beitostølen

Date:
25.01.2020
Duration:
2:27h
Distance:
19.1km

Skitur på Beitostølen med Kristine. Vi gjekk løypa ned til Javnin, og opp til Øysterlie. Derifrå til Olevatnet, og vi gjekk oppom og registrerte den vesle haugen Rundhaug. Frå Olevatnet gjekk vi tilbake til Beitostølen. Flotte skiløyper, men grått og overskya vêr.

Map     1 comment

Skitur på Reinshovd

Date:
14.01.2020
Distance:
1.8km

Årets fyste tur på telemarkski. Kristine på randonee. Kort og fin tur etter jobb, godt skiføre

Map    

Skitur i Vest-Torpa

Date:
02.01.2020
Distance:
15.2km

Juleferien er slutt, og Kristine og eg køyrde attende til Valdres. På vegen dit tok vi ein stopp i Torpa, for å gå ein skitur og for å få årets fyste nye toppar. Vi parkerte i vegkanten der skiløypa kryssa vegen, men fann ut etterpå at det var ein parkeringsplass ved Smedsrud. Vi gjekk i vegen på dei to dagar gamle, men perfekte, skiløypane. Mykje oppover til å byrje med. Vi følgde skiløypa til Klettvatnet, derifrå vart det brøyting. Kristine var sprek, og tok seg av brøytejobben. Ikkje utsikt på Jenthaugen. Ned att same veg frå Jenthaugen. Opp til Ohovde følgde vi trugespor. Kristine som er liten og lett, gjekk greitt oppå. Eg som er noko tyngre, sank jamnt og trutt i gjennom. Det vart ein tung tur opp, men flott utsikt på toppen. På toppen tok vi på lykter, men berre Kristine >>>

Map    

Skitur på Follebukjølen

Date:
31.12.2019

Tur med Kristine og pappa.

Map    

Prestkampen

Date:
27.12.2019
Duration:
3:22h
Distance:
27.9km
Map    

Langtur på Skei

Date:
25.12.2019

Skitur med pappa. Mykje vind på høgfjellet.

Map